Digitale spørjeundersøkingar – viktige verktøy i eit komplekst arbeidsliv
Digitale spørjeundersøkingar – viktige verktøy i eit komplekst arbeidsliv
Bedriftene treng ofte faktabasert kunnskap om korleis ulike arbeidsmiljøfaktorar påverkar arbeidsmiljøet, på godt og vondt. Slik informasjon er ofte nøkkelen til å kunne sette inn tiltak som fungerer. Dårleg arbeidsmiljø, mistrivsel, konfliktar og mangel på jobbmotivasjon kostar norsk arbeidsliv store summar kvart år, og er ein bremsekloss for positiv utvikling og vekst i bedriftene.
Andre har kanskje behov for å hente inn svar frå eigne kundar om kor tilfreds, eller lite tilfreds, kunden er med produkt, leveransar, kontaktpersonar, fakturering/prisar, responstid, kvalitet mm. Slik informasjon er ofte avgjerande for å kunne sette inn forbetringstiltak og på den måten sikre og styrke posisjonen bedrifta har i eigen marknad, eller for å få innpass i nye marknader.
Bedriftshelse1 har utvida tenesteporteføljen til å kunne tilby slike digitale medarbeidar- og marknadsundersøkingar. Vi har gode verktøy og erfarne rådgjevarar med spisskompetanse på tilpassing og gjennomføring av slike undersøkingar. Vi kan og bistå bedriftene i oppfølgingsarbeidet etter slike undersøkingar. Vi kan tilpasse undersøkingane til alle bransjar og til små og store verksemder.