Om Bedriftshelse1
God lokalkunnskap, høg kompetanse og eit genuint ønskje om gode arbeidsliv på Vestlandet. Vi ønskjer å vere din naturlege partnar!
“Våre kundar skal ha friske og engasjerte medarbeidarar.”
Førebygg med bedriftshelseteneste
Saman med kundane våre jobbar vi med å gjere arbeidsmiljøet i bedriftene best mogleg. Våre løysingar skal førebyggje utfordringar knytta til arbeidsmiljø, helse og livsstil.
Vår oppgåve er å vere forut for endringar i samfunnet, slik at medlemmane kan oppdatere og bedre tenester og arbeidsmiljø etter dette. Vi er oppteken av at medlemmane våre skal få målretta tenester kjapt levert.
Lokal forankring
Vi er den største lokalt forankra bedriftshelsetenesta på Vestlandet, lokalisert i Sogndal (hovudkontor), Årdal, Høyanger, Nordfjordeid, Stryn, Ulsteinvik, Florø, Førde, Voss, Norheimsund og Odda - i tillegg til avdelingskontor i Vik, Baletrand, Årdalstangen, Lærdal, Ørsta, Bremanger og Sandane.
Vi vil vere nær kunden, både for å forstå dei og for at dei skal kjenne oss.
Høg kompetanse
Vi har 50 høgt kvalifiserte medarbeidarar innan alle fagfelt som angår arbeidsmiljø. Høg kompetanse, og eit genuint ynskje om at arbeidslivet på Vestlandet skal vere bra, gjer oss til ein aktiv og effektiv samarbeidspartnar.
Bedriftshelse1 er ei tverrfagleg, felles bedriftshelsetenesteordning, godkjend av Arbeidstilsynet. Vi har vore etablert i bransjen sidan 1984, har stor bransjekunnskap og eit godt renommé. Bedriftshelse1 er ein samanfatning av tidlegare mindre, lokale bedriftshelsetenester som har gått saman om å gje betre tenester - og samstundes ivareta lokalt engasjementet.
Med høg kompetanse og lokal forankring, kan vi tilby målretta og miljøeffektive tenester til både små bedrifter og større industriar.
Eit av våre viktigaste mål er å kunne vere raskt ute til alle medlemmane våre.