Psykososialt arbeidsmiljø
Psykososialt arbeidsmiljø handlar om korleis vi har det på jobb. Både korleis arbeidet er organisert og korleis det sosiale samspelet er, vil påverke helsa vår.
Psykososialt arbeidsmiljø handlar om korleis vi har det på jobb. Både korleis arbeidet er organisert og korleis det sosiale samspelet er, vil påverke helsa vår.
Når konfliktar ikkje gjeld sak lenger, blir det ofte ei låst utfordring for dei relasjonane som er involverte . Med utgangspunkt i arbeidsgjevar sine prosedyrar, kan vi medverke på ulike måtar innan konflikthandtering.
Arbeidstakar skal vera sikra mot fysiske og psykiske skadeverknader på jobb, jmf. AML § 4-1. Når ein opplever seg trakassert er det viktig å føle seg forstått. Menneske oppfattar trakassering ulikt og kvar sak er unik. Vi har retningslinjer for korleis vi kan medverke og handtere slike saker.
Bistå med faktaundersøking og rett saksbehandling.
Støttesamtalar.
Krise- og ulykkeshandtering
Akutte, uforutsette hendingar kan ramme menneske på ein slik måte at livet blir endra brått og brutalt. Vi kan hjelpe tilsette som har behov for samtale eller oppfølging etter alvorlege hendingar.
Dette er eit arbeidsmiljøproblem som kan få alvorlege konsekvensar for den enkelte si arbeidsglede, trivsel og kvalitet på arbeidet. Vi held kurs i korleis førebygge truslar og vold. Vi kan og tilby samtale/støttesamtale.
Stress
24t-mennesket. Livet er prega av raske endringar, konkurranse, høgt tempo og at vi alltid er tilgjengelege. Negativt stress over tid kan gje helseplager og bør takast på alvor. Vi kan tilby kurs, samtalar og veiledning om kva endringar som må til.
Vi kan gje veiledning ved omstillings- og endringsprosessar.
Veilede leiarar i vanskelege personalsaker
Medarbeidarsamtalen
Den nødvendige samtalen
Individuelle samtalar
Vi kan tilby individuelle samtalar og oppfølging ved ulike problemstillingar. Målet er å hjelpe leiinga med å førebygge sjukefråvær.