E-læringskurs – snarveg til god HMS-kunnskap?

av Tore Bøe, regionleiar avd. Sunnfjord & Nordfjord


I Norge er opplæringskrav i HMS lovregulert for dei sentrale rollene i HMS-arbeidet (leiarar, verneombod og AMU-medlemmar), og skal utruste desse til  å kunne ta tak i og samarbeide om å utvikle eit godt arbeidsmiljø i verksemdene. Då handlar det om meir enn å gje lesehjelp til lovverket, slik enkelte tilbydarar av e-læringskurs synest å gjere.

Korleis er det muleg å selje inn pålagt HMS-opplæring (etter lova: 40 timar) til seriøse bedrifter, som eit enkelt e-læringskurs som tek under halvtimen å gjennomføre? Dette spørsmålet stiller forfattar og tidlegare forlagsredaktør i Gyldendal Arbeidsliv, Arne Bernhardsen i ein tankevekkande artikkel  i HMS-magasinet tidlegare i år. Han tok fleire av tilbydarane på ordet og gjennomførte HMS-kursa over nett, for å teste dette ut. I tillegg til spørsmålet ovanfor ønska han å utforske ut kvifor partane i arbeidslivet godtek denne praksisen utan regulering, og kvifor kven som helst som har lyst til å tene pengar på kurs skal få lov til det, utan noko form for kvalitetssikring eller sertifisering.

Funna Bernhardsen gjorde var verre enn han trudde: Eit av eksempla er at kursleverandørane marknadsførte at kurset er tilpassa mange bransjar/yrkesgrupper. Etter å ha gått gjennom 5-6 slike kurs var fasit at tekstane var dønn like uansett val av bransje. Alle leverandørane avslutta kursa med ein enkel kunnskapstest (quiz), og det var gjennomgåande svært dårleg kvalitet på spørsmålsstillingane. Nokre var så upresise at det var umuleg å svare på dei, andre nærast barnsleg naive «Har verneombodet teieplikt?» Riktig svar er «Ja» og nokså innlysande, men kurset ga ingen svar på når verneombodet har teieplikt vs. informasjonsplikt!

Oppsummert finn Bernhardsen flg. alvorlege manglar ved desse kursa:

  • Heilt utan refleksjon og med minimalt læringsutbytte

  • Manglar pedagogiske hjelpemiddel

  • I beste fall hjelp til å lese Arbeidsmiljølova

  • Unyansert og til dels feil lovforståing

  • Ingen konkret tilpassing til bransje

  • Ingen hjelp/rettleiing til konkret HMS-arbeid for leiar/verneombod

  • Ingen drøfting av internt samarbeid/korleis HMS-arbeidet bør organiserast

I dag finst det dessverre ingen godkjenningsordning for denne typen kurs. Ved spørsmål til Arbeidstilsynet får vi tilbakemelding om at det pr. i dag ikkje er lovheimel for regulering av denne type kursverksemd, men dei uttrykkjer stor skepsis til kvaliteten på fleire av kursa, og vi kjenner til  eksempel der inspektørar i samband med tilsyn ikkje har akseptert slike kurs, og har gitt pålegg om anna opplæring. Arbeidstilsynet ser og at denne kursverksemda kan virke konkurransevridande i høve andre aktørar, som leverer kursa som tradisjonelle klasseromskurs, veksling mellom undervisning i grupper og oppgåveløysing med praktiske øvingar på eigen arbeidsplass, og også i kombinasjon med e-læring på deler av kursa.

Eg meiner BHT-bransjen må samlast om krav til felles retningslinjer for lovpålagde HMS-kurs, t.d. som i den danske modellen, slik at verksemdene blir sikra relevant opplæring med god kvalitet og læringsutbytte.

I Danmark er det med hell innført ei reguleringsordning for slik opplæring, med krav til dei arrangørane som tilbyr HMS-kurs, og ordninga inneheld også krav til kvalitet og pedagogiske prinsipp, samt til oppfølging og evaluering. Kursinstruktørar må også vere sertifiserte på dei obligatoriske kursa.

Eg meiner BHT-bransjen må samlast om krav til felles retningslinjer for lovpålagde HMS-kurs, t.d. som i den danske modellen, slik at verksemdene blir sikra relevant opplæring med god kvalitet og læringsutbytte. Då vil ein også få konkurranse på like vilkår mellom kursleverandørane i denne marknaden.

 

E-læring kan gjerne vere eitt av fleire pedagogiske hjelpemiddel i eit godt kursopplegg, men neppe åleine. Kurssamlingar må vere det primære. Berre der får ein fram den fruktbare dynamikken i diskusjonar og erfaringsutveksling, som gjev det læringsutbyttet verksemdene treng i HMS-arbeidet.

Bedriftshelse1 er ein stor HMS-kursleverandør på Vestlandet, og når det gjeld t.d. grunnopplæringa (40-timerskurset og leiarkurset i HMS) praktiserer vi kurssamlingar med veksling i arbeidsmetodikken mellom undervisning av instruktørar, erfaringsutveksling, oppgåveløysing, gruppearbeid, videoeksempel, og heimeoppgåver m. etterfølgande presentasjon i plenum. Kursevalueringane vi innhentar etter kursa viser tydeleg at når det gjeld læringsutbyttet, så framhevar deltakarane svært ofte variasjon i arbeidsmetodikken, og verdien av erfaringsutveksling og diskusjonar rundt konkrete problemstillingar frå andre eller eiga verksemd.

Når det gjeld den pålagde HMS-opplæringa for leiarar, som ofte blir gjennomført som 1-dagskurs, tilrår vi no sterkt at leiar deltek på heile grunnopplæringa, gjerne saman med verneombod og AMU-medlemmar frå eiga verksemd. Leiarar som prioriterer dette, legg eit godt grunnlag for internt samarbeid og forankring av felles mål i HMS-arbeidet.

«Trivsel på arbeidsplassen» er slagordet vårt, og god kvalitet i HMS-opplæringa er eitt av mange tiltak som vil bidra til at kundane våre får motiverte, fornøgde og effektive tilsette.

 

BloggGasta Design