Gode arbeidsplassar sikrar rett belastning
Visste du at muskel- og skjelettplager er den vanlegaste årsaka til sjukefråvær i Norge? Dette har konsekvensar både for den enkelte og for bedriftene på kort sikt, men det har også store langvarige konsekvensar. I enkelte tilfelle så endar det med varige funksjonsnedsettingar og at ein må bytte jobb. No kan di bedrift auke fokuset og bevisstgjeringa rundt muskel- og skjelettplager, og under kan du lese om korleis du kan få hjelp av Bedriftshelse1 til å kome i gong.
«Gode arbeidsplassar sikrar rett belastning» er ein stor europeisk kampanje om muskel- og skjelettplager som skjer frå hausten 2020 og fram til 2022. Arbeidstilsynet, Statens arbeidsmiljøinstitutt og partane i arbeidslivet gjennomfører denne kampanjen i samarbeid med det europeiske arbeidsmiljøorganet EU-OSHA.
Arbeidsrelaterte muskel- og skjelettplager gir redusert funksjonsevne i kroppsstrukturar som musklar, ledd og sener, som er forårsaka eller forverra av yrkesarbeid eller det daglege arbeidsmiljøet. Det kan ha svært negative konsekvensar for enkeltpersonar sin livskvalitet og arbeidsevne, og er ein av dei vanlegaste årsakene til uførheit, sjukefråvær og førtidspensjonering i Norge. Korsryggsmerter aleine er estimert til å koste det norske samfunnet 15 milliardar kroner årleg (Oslo universitetssykehus, 2017).
Dei vanlegaste typane muskel- og skjelettplager er ryggsmerter og muskelsmerter i skuldrar og armar. Det er ikkje berre fysiske faktorar som kan bidra til slike plager, også organisatoriske, psykososiale og individuelle faktorar spelar inn og må sjåast på i samanheng. Dette kan for eksempel vere:
Høge arbeidskrav og låg medverknad
Mangel på pausar og høve til å endre arbeidsstillingar
Mobbing, trakassering og diskriminering på arbeidsplassen
Sjølv om plager og smerter kan førebyggast, er muskel- og skjelettplager framleis dei vanlegaste arbeidsrelaterte helseproblema i Europa. Dette er ei kjelde til bekymring, ikkje berre på grunn av verknaden på den enkelte arbeidstakar si helse, men også på grunn av negative konsekvensar for bedriftene og nasjonale økonomiar.
Det er viktig at alle jobbar saman for å førebygge muskel- og skjelettplager på arbeidsplassen. Samarbeid mellom arbeidsgjevar og arbeidstakarar skapar ei felles forståing av problemet og fører til varige forbetringar. Her er medverknaden frå arbeidstakarane viktig, og det kan ofte også vere smart å ha med Bedriftshelse1 som ein tredjepart som har faglege innspel.
Arbeidsgjevar har eit juridisk ansvar for å sikre at det blir utført ei risikovurdering og kontroll av risikoane på arbeidsplassen, og må iverksette førebyggande tiltak mot muskel- og skjelettplager. Effektiv risikovurdering og førebygging krev at arbeidsgjevarane held både seg sjølv og arbeidstakarane godt informert og opplært. Bedriftshelse1 kan bistå i arbeidet med slike målretta risikovurderingar, samt opplæring i etterkant.
Det er viktig å oppmuntre arbeidstakarar til å snakke ope og så tidleg som mogleg om muskel- og skjelettplager. Dersom arbeidstakar føler seg komfortabel med å diskutere si fysiske helse, er det meir sannsynleg at dei vil passe på seg sjølv og oppsøke støtte og behandling på eit tidleg stadium.
Denne kampanjen handlar ikkje berre om å auke bevisstheita om arbeidsrelaterte muskel- og skjelettplager og negative konsekvensar for enkeltpersonar, bedrifter og samfunn. Kampanjen har også som mål å fremje eit samarbeid for å sikre at effektive førebyggande tiltak blir sett i verk for å handtere muskel- og skjelettplager.
Bedriftshelse1 deltek og støttar opp om denne store kampanjen og du kan lese meir om kampanjen her: https://healthy-workplaces.eu/no
Ta kontakt med ein av våre fysioterapeutar for å kome i gong med tiltak på din arbeidsplass.