HMS-dagen på VOSS 30.oktober
FÅ FAGLEG PÅFYLL OG INSPIRASJON - BLI MED OSS PÅ HMS-DAGEN!
Jon G. Reichelt - også kjent som militærpsykiateren i "Kompani Lauritzen"
Jon G. Reichelt er oberstløytnant, har en doktorgrad i medisin og er lege med godkjent spesialitet i psykiatri. Han har hatt fagansvar for psykiatrien i Forsvaret, og har vore leiar for Institutt for militærpsykiatri og stressmeistring i Forsvarets sanitet.
Han har vore nysgjerrig på menneske heile livet. Det har medført ein karriere som lege og psykiater – i helsevesenet og Forsvaret. Han deler av sin kunnskap og si erfaring på en enkel og lettfatteleg måte.
«Det vil helst gå galt, men det er ikke sikkert det gjør noe»
Arbeidstilsynet
Øyfrid Geiring og Ingri Litleskare er begge seniorrådgjevar i arbeidstilsynet. Dei vil prate om:
Kartlegging, risikovurdering, tiltak og plan toppar lista over pålegg gitt av Arbeidstilsynet.
Kvifor er det slik og korleis jobba betre førebyggande med arbeidsmiljøet?
Forslag til endringar i psykososialt regelverk.Treng vi eigentleg ei betre regulering i det psykososiale arbeidsmiljøregelverket?
Dato: Onsdag 30. oktober 2024
Stad: Voss - Park Hotel Vossevangen
Tid: kl. 09:00-15:00
Målgruppe: Leiarar, verneombod, tillitsvalde og alle andre tilsette
Påmeldingsfrist: 8. oktober 2024