Veit du eigentleg kva du kan nytte bedriftshelsetenesta til?
Mange av våre kundar er ikkje klar over kva hjelp dei kan få.
Vi ønskjer å vere din rådgjevar innan HMS, enten du er ei lita eller stor verksemd. Vi jobbar både med kundar som har krav om å vere tilslutta ei bedriftshelseteneste (BHT)-ordning, og kundar som gjer det av eigeninteresse, fordi dei ser verdien av systematisk arbeid og fokus på arbeidsmiljøet.
– Det er dyrare å gå inn å reparere enn å førebygge. Både med tanke på sjukefråver, sikkerheit, trivsel og arbeidsmiljø. Og kjem Arbeidstilsynet på besøk og gir pålegg, kan det bli unødvendig dyrt å vere på etterskot, fortel Tore Bøe, regionleiar for Bedriftshelse1 i Nordfjord/Sunnfjord/Sunnmøre.
Han opplever at mange kundar ikkje er klar over kva bedriftshelsetenesta kan bidra med, eller breidda i tenestetilbodet.
HMS-arbeid – løner det seg?
– Nokre verksemder lurer på om det er lønsemd i å satse på HMS-tiltak. Det er sjølvsagt vanskeleg å gje noko eksakt reknestykke på dette, men det finst mykje god forsking som dokumenterer det økonomiske potensialet med til dømes sjukefråver-arbeid og førebyggande HMS-tiltak.
– I vår arbeidskvardag møter vi heile tida kundar som er fornøgde og takksame for å få god hjelp. Dei ser verdien av HMS-satsinga som noko større og viktigare enn berre dei kronene ein kan spare på å redusere sjukefråveret, seier Bøe.
Ansvaret ligg på bedrifta sjølv
Det første du må vite, er at ansvaret for å etterspørje tenester ligg hos bedrifta sjølv. Vi er her for å hjelpe deg, men du må ta kontakt med bedriftshelsetenesta om du ønskjer hjelp.
– Er du usikker på kva du treng, eller kva du er pålagd, kan du ringe og spørje oss. Bedriftshelsetenesta skal ha fokus på arbeidsrelaterte problemstillingar. Vi skal bistå med det verksemda di treng i forhold til konkrete tenester, rådgjeving og opplæring.
I Bedriftshelse1 er vi mange fagpersonar med god kompetanse, som kan hjelpe til i ulike bransjar, både til små og store bedrifter. Vi utfører mellom anna målingar på støy, luftforureining og kjemikaliar, ergonomiske tenester og helsekontrollar, og har god kompetanse på konflikthandtering og psykososialt arbeidsmiljø.
I samband med varsla tilsyn frå Arbeidstilsynet, er vi ofte ein viktig sparringpartner for bedrifta både når det gjeld førebuingar og etterarbeid.
Kva er lovpålagd?
«Forskrift om organisering, ledelse og medvirkning» har ei fin oversikt over kva bransjar som må ha bedriftshelseteneste. Den viser kva vi i Bedriftshelsetenesta skal hjelpe bedriftene med, altså dei lovpålagde tenestene.
«Forskrift om arbeidsgivers bruk av godkjent bedriftshelsetjeneste ...» påpeikar at det er arbeidsgjevar som skal sørge for å knytte til seg bedriftshelseteneste, og viser kva bedriftshelsetenesta skal kunne tilby.
§ 4.Arbeidsgivers bruk av bedriftshelsetjenesten
Arbeidsgiver skal sørge for at bedriftshelsetjenesten:
a) bistår med planlegging og gjennomføring av fysiske og organisatoriske endringer i virksomheten, herunder etablering, vedlikehold og tilrettelegging av arbeidsplasser, lokaler, utstyr og arbeidsprosesser.
b) bistår med utarbeidelse og endring av retningslinjer for bruk av kjemikalier, maskiner og utstyr og øvrige arbeidsprosesser.
c) bistår med løpende kartlegging av arbeidsmiljøet, foretar undersøkelser av arbeidsplassene og arbeidsprosessene og vurderer risiko for helsefare.
d) fremmer forslag om forebyggende tiltak og sammen med virksomheten arbeider med tiltak som reduserer risikoen for helseskade.
e) bistår i arbeidet med å overvåke og kontrollere arbeidstakernes helse i forhold til arbeidssituasjonen og foretar nødvendig oppfølging.
f) bistår ved individuell tilrettelegging, herunder deltakelse i dialogmøter og utarbeidelse av oppfølgingsplan i henhold til arbeidsmiljøloven § 4-6.
g) bistår med informasjon og opplæring om relevant helse-, miljø- og sikkerhetsrisiko og aktuelle tiltak.
h) bistår ved henvendelser fra arbeidstaker, verneombud og arbeidsmiljøutvalg.