AVLYST! Vårseminar torsdag 27. mars 2025!
Dato: Torsdag 27. mars 2025
Stad: Norheimsund - Thon Hotel Sandven
Tid: kl. 09:15-15:15
Påmeldingsfrist: 5. mars 2024
Korleis byggje trygge arbeidsmiljø?
Psykologisk tryggleik er eit omgrep som har fått stor merksemd dei seinare år og vert trekt fram som avgjerande for eit arbeidsmiljø der vi både trivst og jobbar godt saman. Bård Fyhn vil ta oss gjennom den viktigaste forskninga på psykologisk tryggleik og setje fokus på:
Kva psykologisk tryggleik faktisk er - og ikkje er
Kvifor psykologisk tryggleik er viktig i arbeidsmiljøet
Korleis vi kan byggje psykologisk tryggleik og praktiske verktøy som då er nyttige
Bård Fyhn har ein doktorgrad på psykologisk tryggleik i team fra NHH, Norges Handelshøgskule, der han no jobbar som postdoktor i organisasjonspsykologi ved Institutt for strategi og leiing. Bård er utdanna ved Sjøkrigsskulen og har erfaring frå operativ teneste og leiarutvikling i Forsvaret. Bård er en aktiv føredragshalder innan team og leiing, og brenn for å gjere forskning tilgjengeleg og praktisk.
Kunstig intelligens (KI)
Kunstig Intelligens er både krevjande og spennande å følgje med på. Det får konsekvensar for næringslivet, og påverkar arbeidsoppgåvene våre.
Etter at ChatGPT vart tilgjengeleg for alle har det skjedd mykje. Gaute Lund kastar eit skrått blikk på kvar denne teknologien kjem frå, kva som skjer nett no, og prøver å spekulera på kva som kan skje vidare.
Korleis har næringslivet byrja å bruke det? Kva kan det nyttast til?
Kjem KI til å ha så dramatiske konsekvensar som mange trur? Røpealarm: Ja.
Kva for konsekvensar?
Det blir foredrag og litt aktivitet og diskusjon.
Gaute Lund er senior IT-konsulent og KI-entusiast i Iteam AS, eit firma som driv med med IT-tenester særleg for små og mellomstore bedrifter.
Gaute Lund med over 30 års fartstid frå IT- bransjen, vil losa oss gjennom det siste innan kunstig intelligens, gje oss innsikt i dei nyaste trendane og gje oss smarte tips vidare for å utnytte teknologien i eigne bedrifter.
Me har sett av ein heil time til å nyte god mat og knyte nye bekjentskaper! Dette er ikkje berre ein sjanse til å skjemme bort smakslaukane, men også til å møte tilsette frå andre verksemder i regionen vår. I tillegg vil me i Bedriftshelse1 vere til stades for å bli kjent med deg. Dette blir ein flott anledning til å utveksle erfaringar og idéar.