Hentar inn eit toppa lag og startar opp i Bergen
NY LEIAR: Tove Langøy (i midten) er henta inn som den nye leiaren ved Bedriftshelse1 sitt kontor i Bergen, her saman med styreleiar Irene Stana (t.v.) og adm. dir Randi Marie Sjøholt (t.h.).
– Med Tove Langøy i spissen kjem vi tettare på kundane. Ho er dyktig i faget og kjenner marknaden godt.
Det fortel Irene Stana, styreleiar i Bedriftshelse1.
Tove Langøy er ny leiar på Bergens-kontoret vårt og vil vere ein av toppleiarane i Bedriftshelse1. Ho har lang fartstid i bedriftshelsemarknaden etter 13 år som dagleg leiar i Medco dinHMS Bergen (tidlegare Arsana).
– Eg har samarbeida tett med Bedriftshelse1 sidan 2010. No gler eg meg til å komme skikkeleg i gang, fortel Langøy.
Kontor nummer 13
Bedriftshelse1 har vore etablert i bransjen sidan 1984. I dag har vi 12 kontor rundt om i heile Vestland, med totalt 56 tilsette med ulike fagkompetanse innan arbeidsmiljø.
– Vi har stor tyngde i bransjen, men har mangla kontorstad i Bergen. Her har vi vore etterspurde så det er gledeleg å nå kunne oppfylle målet vårt om å vere raskt ute til alle medlemmane våre, fortel Randi Marie Sjøholt, administrerande direktør i Bedriftshelse1.
Vi opnar Bergens-kontoret i mars, kontor nummer 13 i rekka.
– Vi ønskjer å vere den leiande bedriftshelsetenesta i Vestland og då må vi vere meir til stades i Bergen og i regionen rundt også. Vi har eit genuint ønskje om at arbeidslivet på Vestlandet skal vere bra, så vi gler oss veldig til å ta imot både eksisterande og nye kundar her.
Eit toppa lag
Det betyr at vi kan tilby betre tenester til kundane vi allereie har i Bergen. Nå vil bedriftshelsetenesta vere nære og meir tilgjengeleg.
– Vi har 1160 kundar i Vestland fylke i dag og har planar om auka aktiviteten mykje. No kan vi også tilby tenestene våre i områda rundt Bergen, fortel Sjøholt.
I første omgang har Bedriftshelse1 tilsett fire medarbeidarar lokalt i Bergen, med Tove Langøy som leiar.
– Ho er ei dyktig dame med lang fartstid i bransjen. Saman med henne har vi tre medarbeidarar med god og lang erfaring innan BHT. Vi jobbar alltid tverrfagleg og har stor bransjekunnskap, så vi har eit toppa lag i Bergen, seier Sjøholt nøgd.
Med kontora på Voss og i Hardanger har vi no totalt 23 tilsette som kan jobba mot kundar i Bergensområdet.
Ønskjer du å komme i kontakt med oss? Randi Marie Sjøholt, adm. dir. Mob.: 952 35 874. E-post: randi.marie.sjoholt@bedriftshelse1.no