Eksem og tørr hud på grunn av hygienetiltak
I forbindelse med hyppig handvask og mykje bruk av sprit på hendene ser vi fleire kundar som slit med eksem på hendene.
Eksem oppstår også hos personar, som til dagleg ikkje slit med hudsjukdommar.
Eksemet oppstår på grunn av avfeitting av huda.
Her er 3 korte råd, som kan hjelpe deg til å unngå å utvikle eksem.
Vask hendene i lunka vatn, ikkje for varmt. Nytt gjerne vaskeolje eller vaskegel. Nyttes såpe bør det være uten parfyme og med lav pH.
Bruk ein god feit handkrem med lav innhald av vatn etter kvar handvask/spriting. Kremar å anbefala er t.d. Canoderm, Locobase eller Apobase m.fl.
Er det oppstått eksem, f.eks. på handryggen, anbefalast ein mild hydrokortison krem morgon og kveld i 5 dagar, deretter ein gang om dagen i 5 dagar. Etter at hydrokortison kremen er påført og absorbert, smør du på vanleg feitt-krem. Om eksemet er ganske irritert kan det være lurt før du legg deg om kvelden å smøre hendene godt med feittkrem og sove med bomullshanskar på.
Legane i Bedriftshelse1 står klare til å hjelpe om ikkje informasjonen over er tilstrekkeleg.
Pass godt på hendene dine.
Legane hjå Bedriftshelse1