Bedriftshelse1 opnar for trygg ein-til-ein kundekontakt

Med bakgrunn i Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet sin rettleiar opnar Bedriftshelse1 no for ein-til-ein kundekontakt.

Vi har alltid hatt svært strenge hygienekrav på våre ein-til-ein konsultasjonar i Bedriftshelse1, og den siste månaden har vi gjennomført enda fleire smittevernstiltak, slik at møtet mellom kundar og tilsette skal vere trygt for begge.

Vi følger dagleg oppdatering frå helsemyndigheiter, og følger til ein kvar tid dei nyaste rettleiarane.

Om du som leiar ynskjer å få gjennomført helsekontrollane for dei tilsette no i vår, har vi anledning og kapasitet.

Vi vil dessutan kunne tilby dei fleste av våre vanlege tilbod:

  • Attestutfylling

  • Konsultasjonar hjå lege, fysioterapeut og sjukepleiar

  • Møter

  • Kurs

  • Yrkesvaksiner

  • Målretta helsekontrollar

Før ein-til-ein kontakt er mogleg må ein svare på følgande:

  • Har du symptom på luftvegsinfeksjon?

  • Har du feber?

  • Har du vore saman med nokon dei siste 3 døgn som har hatt luftvegsinfeksjon/feber?

  • Har du hatt nærkontakt med nokon som har påvist Covid-19-smitte?

  • Har du vore utanlands dei siste 10 dagane?

Om svaret er ja på nokon av desse spørsmåla, vil vår kontakt framleis vere via nett, men vi vil likevel kunne gje målretta bistand.

Ved frammøte hjå oss blir du bedt om å følgje desse tiltak:

  •  Bruk handdesinfeksjonsmiddel ved inngangen

  • Kom tidlegast 5-10 minutt før time. Vent i bil/ute/venterom

  • Dersom fleire kjem frå same bedrift, kan nr. 2, osv. i rekka måtte vente ute

  • Unngå å ta på noko på venterom/undersøkingsrom med mindre du får beskjed

  • Hjelp oss med reinhaldet. Bruk skoovertrekk om du har skitne sko

  • Gode hygienetiltak ved bruk av toalett

  • Føler du behov for å bruke meir desinfeksjonsmiddel under kontakta, sei i frå

  • Skulle du likevel få symptom på luftvegsinfeksjon, sei i frå

Du kontaktar oss enkelt her:

NyheitGro Drægni