Slik kan du risikovurdere verksemda før oppstart
Frå 20. april vil mykje av HMS-bistanden gå som normalt
Bedriftshelse1 vil opne opp att mykje av den normale HMS-aktiviteten frå og med 20. april. Dette kjem etter føringar frå helsemyndigheitene, samt at vi har gjennomført strenge interne risikovurderingar. Vi har alltid hatt strenge hygienetiltak i forbindelse med våre kontaktpunkt med kundar, men vi har auka interne krav til smittevern som følje av Corona-utbrotet.
Om du som leiar i bedrifta har uforutsette rolegare dagar som følje av Corona, oppmodar vi om at du no nyttar tida til å gjere interne revisjonar av HMS-system. I framtida vil det truleg bli tettare tilsyn og strengare krav, og vi vil gjerne bistå medlemmane våre no for å imøtekome krav til internkontroll.
Konsultasjonar:
Frå og med 20. april har vi opna tilbodet om at medlemmer kan kome til konsultasjonar hjå lege, fysioterapeut eller sjukepleiar for arbeidsrelaterte spørsmål og utfordringar. Vi føl alltid bransjeforskriftene om smitteverntiltak, og vi har alt sett i verk ekstra hygienetiltak på alle våre kontor.
Helsekontrollar:
Sidan vi har sett i verk ekstra hygienetiltak kan vi også utføre helsekontrollar på ein forsvarleg måte for både kunden og dei tilsette i Bedriftshelse1. Helsekontrollar er noko som arbeidsgjevar er pålagt å ha på sine tilsette (for dei fleste yrkesgrupper kvart 3. år). Om di bedrift har noko mindre aktivitet for tida, kan no vere ei god tid for å gjennomføre dette. Vi føl helsemyndigheitene og bransjeforeiningane sine krav om smittevern og har i tillegg eigne konservative hygienetiltak for å kunne gjennomføre dette på ein forsvarleg måte.
Kurs:
Frå midten av mars har alle våre kurs vore utsett, og vi kjem framleis til å avvente fysiske kurs og samlingar der fleire enn 5 personar skal møtast. Vi gjennomfører framleis mange kurs via nettløysingar som Teams. Det er mange som har fått gjennomført teoridelane på fyrstehjelp og hjartestartar via Teams, og mange bedrifter har fått interne HMS-kurs.
Ring oss på 57 67 90 60 eller send e-post til post@bedriftshelse1.no for å avtale nærare.
Slik kan du risikovurdere verksemda før oppstart
Etter påske har fleire næringar fått klarsignal om å starte opp att verksemda, men at dei må følje klare hygiene- og smitteverntiltak. Bedriftshelse1 har spisskompetanse både på hygienetiltak, risikovurderingar og tiltaksplanar. Vi kan også vere med å dokumentere tiltak i bedriftene for å støtte opp om dei føringane som myndigheitene har sett i verk.
Både bedrifter som har hatt normal drift dei siste vekene og dei som har vore stengt må gjennomføre risikovurderingar og dokumentere dette før dei kan jobbe med nær kundekontakt eller i område der det potensielt er smittefare. Bedriftshelse1 kan bistå med dette arbeidet, og vi har kort responstid!
Du når oss kjappast ved å ringe 57 67 90 60 eller sende e-post til post@bedriftshelse1.no
Vi står klare til å bistå våre medlemmer slik at næringslivet skal kome seg kjapt tilbake i normalen!