Videokonsultasjonar
Bedriftshelse1 har no byrja med videokonsultasjonar over nettet
Videokonsultasjonar kan nyttast der fysisk undersøking ikkje er nødvendig, og ein gjerne vil ha avklaringar eller råd. Eksempel på dette kan vere utslett på hud, fornying av medisinar, vurderingar av sjukmelding, psykiske lidingar, forkjølelse, tilvising til spesialistar eller MR/røntgen og Corona-relaterte spørsmål. Du kan no snakke med våre legar frå din jobb, heimekontor, eller der det passar deg.
Videokonsultasjonar er eit verktøy vi har vurdert ei stund, og med tanke på situasjonen rundt Corona-viruset har vi no endeleg kome i gong. Vi har allereie erfart at dette er noko som kjem til å kome meir i framtida, både no når det er avgrensingar på fysisk kontakt, men også seinare på grunn av geografiske lange avstandar på Vestlandet.
Systemet vi nyttar har eit enkelt grensesnitt og er godkjend både med tanke på pasientsikkerheit og GDPR.
Ved å bruke dette verktøyet vil både du som medlem og vi som bedriftshelseteneste spare miljø og reisekostnader, og det vil spare bedriftene for venting og unødig usikkerheit.
For å bestille time til videokonsultasjon kontaktar du oss på sentralbordet 57 67 90 60 / 57 64 92 28 eller post@bedriftshelse1.no så vil du bli sett opp til konsultasjon.