Ofte stilte spørsmål om Coronavirus
Spørsmål og svar:
Bedriftshelse1 får mange spørsmål om dagen om korleis bedrifter skal forhalda seg i ulike situasjonar til Coronavirusutbrotet i Noreg.
Vi viser her til ein del av spørsmåla vi får som rettar seg inn mot våre fagområde.
Kan personar som er i karantene ta buss, tog eller anna offentleg transport? For dei som kjem frå utlandet, kan dei ta offentleg transport for å kome seg heim?
Personar som er i karantene skal ikkje ta offentleg transport! Dette er for å unngå smittefare! Om du kjem frå utlandet er du i utgangspunktet i 14 dagars karantene og skal ikkje ta offentleg transport for å kome deg heim. Alternativ kan vere leigebil for du skal heller ikkje ta drosje.
Dersom den reisande har symptomer så er personen eit «mistenkt tilfelle». Då skal råda frå Folkehelseinstituttet føljast: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/rad-og-informasjon-til-andre-sektorer-og-yrkesgrupper/rutiner-for-varsling-og-handtering-av-passasjer-med-mistenkt-koronavirus-20/.
Sjå meir informasjon her https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/rad-til-personer-som-er-smittet-eller-har-vart-utsatt-for-smitte/rad-til-personer-som-er-i-hjemmekarantene/
Kor kan eg få hjelp når eg kjenne at heimekontoret blir slitsamt. Eg treng råd og veileding og nokon å snakke med?
Er du kunde hjå Bedriftshelse1 kan du få råd og samtalar med ein av våre helsefaglege tilsette. Du må avklare med arbeidsgjevar at du får dette dekka. Nederst på nettsida finn du kontaktinformasjon til alle våre kontor.
PSYKOSOSIAL STØTTE
Vi har redusert all fysisk bistand og bedriftsbesøk, men held oppe kontaktpunkta våre på teams/skype, telefon og e-post. Våre helsefaglege tilsette kan svare på spørsmål og på den måten gje relevante råd til bedrifter og enkeltpersonar, og samstundes avlaste dei offentlege helsemyndigheitene.
Korona utbrotet fører til ein ny og uoversiktleg kvardag både på jobb og heime. Dette kan påverke oss på ulike måtar, fordi våre vanlege meistringsmåtar no ikkje er tilstrekkelege for å handtere situasjonen. Det er ikkje uvanleg å kjenne på krisereaksjonar som
• uro
• bekymring
• angst
• depresjon
• søvnproblem
• stress.
På bedriftsnivå kan det handle om utfordringar, handtering og konsekvensar av omorganisering, permittering og nedbemanning . Bedriftshelse1 kan bistå med støtte og råd korleis handtere denne krisa.
På individnivå kan det handle om reaksjonar på koronasituasjonen, isolasjon og heimekontor, bekymring for jobbsituasjon framover og bekymring for familien. Bedriftshelse1 kan bistå som samtalepartner for å gi råd og støtte.
Både bedrifta og enkeltpersonar kan ta kontakt når det er behov for støttesamtalar, enten det gjeld private eller jobbrelaterte spørsmål.
I Bedriftshelse1 vil de møte personale med kompetanse i handtering av krisereaksjonar.
Kor kan eg finne tips for ergonomiske utfordringar ved heimekontor?
Gå til nettsida vår og få tips til heimekontorløysinga. https://www.bedriftshelse1.no/aktuelt/ergonomiske-tips-for-heimekontor
Kvifor bør ein ikkje nytte vinylhanskar for å hindre smitte?
Rundt omkring blir det no lagt ut vinylhanskar til bruk for å hindre spreiing av smitte. Dette er falsk tryggheit og kan verke motsett. Vinylhanskar beskyttar ikkje mot spreiing av virus. Da er det betre å nytte handvask. Bruk hanskar med virussymbolet:
Skal du nytte hanskar mot virus må dette symbolet visast på eska hanskane er i.
Latekshanskar gjev god beskyttelse mot gjennomtrenging av mikroorganismar og virus. Latekshanskar bør ikkje nyttast av personar med lateksallergi, eller ved behandling av pasientar med kjent allergi.
Nitrilhanskar gjev som latekshansken god beskyttelse mot gjennomtrenging av mikroorganismar og virus. Hanskane har betre barriereeigenskapar mot nokre stoff.
Kva temperatur drep Coronaviruset?
SARS-CoV-2 er følsam for høge temperaturar.
Ved vask av tøy har FHI tilrådd 60 grader
Korleis desinfisering med anna enn antibac?
SARS-CoV-2 er følsam for desinfeksjonsmiddel som Virkon, Perasafe og alkohol. Hushaldningsklor kan og nyttast i konsentrasjon minimum 1 dl klorin pr 5 liter vatn.
Ein tilsett har familiemedlem i risikogruppa. Korleis skal ein beskytte seg best muleg?
Føl tiltak som gjeld befolkninga generelt. For dei som er i risikogruppe er desse råda ekstra viktig.
https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/risikogrupper/
Kvifor skal ein ikkje nytte munnbind for å unngå smitte?
Det er ikkje tilrådd å bruke munnbind for å redusere smittefare med mindre ein sjølv er smitta. Dette må ikkje forvekslast med masker som blir brukt mykje i industrien. Munnbind hindrar ikkje virus å trekke inn i munnen. Den som er smitta av virus kan nytte munnbind for å hindre spreiing av smitte rundt seg.
Kva er forskjellen på munnbind og maske?
Munnbind blir brukt av kirurgar, legar, sjukepleiarar og anna helsepersonell som beskyttelse mot dråpesmitte både for pasienten og for seg sjølv. Munnbind er ikkje heilt tette på sidene og held ikkje der kor det er mykje støv, eller aerosoler (flygande oppløyst væske t.d. virus) i lufta.
Maske (andedrettsvern) tettar langt meir rundt ansiktet og kan også ha ein pusteventil.
Det finns fleire ulike typar andedrettsvern:
1. Halvmaske (filter) med og utan ventil som dekker munn, nase og hake.
2. Halvmaske med filterventil som kan skiftast ut.
3. Heilmaske med filterventil som også dekker auge.
4. Helimaske med tilførsel av luft, enten via ein liten vifte, eller trykkluft.
Tømrarbedrift har spørsmål knytt til arbeid på ein fast lokasjon og ein som reiser rundt på fleire lokasjonar. Korleis skal dei beskytte seg best muleg i forhold til Korona med bruk av maske og begrensing av kontakt? Dei brukar andedrettsvern ved isolering med P2-filter.
Dersom det skulle være virus i lufta og ein skal være beskytta mot dette, må ein nytte P3 filter. Dersom de har batteriassistert pumpe med filter kan de montere på P3 filter for å være beskytta mot biologisk smitte (virus).
Pr. 17/3 er det ikkje karantene for personar som reiser mellom dei områda der dei ulike lokasjonane er. Så det er ingen særlege omsyn å ta der.
Det blir anbefala å halde ca. 1 – 2 meters avstand til andre, men arbeidsforhold kan sjølvsagt umogleggjere dette.
Føl tiltak som gjelder befolkninga generelt.