Ergonomiske tips for heimekontor
Dei siste vekene har svært mange måtte sitte på heimekontor, og dette har ført til at fleire tek kontakt med oss i Bedriftshelse1 for råd om ergonomi.
Uansett om du sit på heimekontor, i kontorlandskap, eller om du er på din normale kontorarbeidsplass så er VARIASJON det viktigaste! Ta deg hyppige mikropausar frå statisk dataarbeid, der du beveger deg og ristar laus! Dette er både bra for musklane og ledda, men også for våkensenteret i hjernen!
Sjølv om du kan ta pausar og variere til ein viss grad så er det viktig å tenke ergonomi. Difor har vi publisert nokre bilete som på ein enkel måte gir tips:
Manglar du ein kontorstol som kan regulerast så kan du bruke pute i ryggen, eventuelt sitte på pute for å få rett høgde.
Har du ekstern datamus så bruk denne i staden for å bruke mousepad på den bærbare datamaskina.
Her er enkle pauseøvingar som du kan gjere ein til to gongar i timen:
I tillegg vil det å gå opp og ned i trappa gjere godt for heile kroppen. Korleis å bevege seg opp og ned i trappa er det berre fantasien som avgrensar 😊
Ring oss om du vil ha ytterlegare råd eller inspirasjon. Vi kan gje rettleiing via teams/skype.