Praktiske råd til bedriftene om smittevern
Førre veke sine tiltak for å redusere smitten av Coronaviruset har ført til store utfordringar og konsekvensar for mange av våre bedrifter og kundar, det er mange ubesvarte spørsmål og ikkje alle spørsmål er enda svara på frå våre myndigheiter. Mange permitterer deler eller heile arbeidstokken, noko som er ein stor inngripen i alle sin kvardag.
Vi mottek og mange spørsmål, nokre viktige tilbakemeldingar vil vi gje her.
Oversikt over nyttig lenker:
https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/
https://helsenorge.no/sykdom/infeksjon-og-betennelse/coronavirus
Elles din kommune si lokale nettside: https://www.xxxxxx.kommune.no
Masker:
Det er ikkje tilrådd å bruke munnbind/maske for å redusere smittefare med mindre ein sjølv er smitta. Dette må ikkje forvekslast med masker som blir brukt mykje i industrien.
Dette kan være forvirrande informasjon for dei verksemdene som dagleg nyttar maske/ulike typar andedrettsvern. Andedrettsvern blir av mange kalla maske. Andedrettsvern med P3-støvfilter vil beskytte mot virus. Å skifte frå P2 til P3 filter på andedrettsvern vil altså beskytte mot virus.
Vinylhanskar:
Vinylhanskar stoppar ikkje virus. Mange bedrifter brukar vinylhanskar fordi dei er billigast, men dei er ikkje tette for virus og har ikkje virussymbolet på eska.
På nettsida til Folkehelseinstituttet finn ein god informasjon om kva type hanskar ein bør nytte. https://www.fhi.no/nettpub/handhygiene/i-praksis/hansker-hudreaksjoner-og-negler/#ulike-typer-hansker
Type hanskar:
Det finns to hovudtypar av eingongshanskar, latekshanskar av naturgummi og syntetiske hanskar. Blant dei syntetiske hanskane er vinylhanskar og nitrilhanskar mest nytta i helsetenesta.
Latekshanskar gjev god beskyttelse mot gjennomtrenging av mikroorganismar og virus. Latekshanskar bør ikkje nyttast av personar med lateksallergi, eller ved behandling av pasientar med kjent allergi.
Nitrilhanskar gjev som latekshansken god beskyttelse mot gjennomtrenging av mikroorganismar og virus. Hanskane har betre barriereeigenskapar mot nokre stoff.
Vinylhanskar har dårlegare barriereeigenskap for smitte og mange kjemiske stoff, dårlegare strekkstyrke og passform, og gjev dårlegare beskyttelse enn lateks og nitrilhanskar.
Praktisering av karantene:
Det er litt forvirring rundt praktisering av karantenereglane. Det er sendt ut eit brev til alle landets kommunar om å oppretthalde varetransport og veg-infrastruktur i samband med Coronavirusutbrotet slik at samfunnskritiske oppgåver blir utført.
I brevet står:
Infrastrukturen på samferdselsområdet må oppretthaldast på ein slik måte at kritiske samfunnsfunksjonar som varetransport, forsyningssikkerheit og tiltak for å halde vegnettet ope ikkje må bli hindra. Dette gjelder varetransport på veg, i vatn og i luft.
Unntak frå karanteneplikt:
Personar som i arbeidsforhold reiser mellom bustad og arbeidsstad, og i den samanhengen kryssar grensene mellom Noreg, Sverige og Finland, er unnateke frå paragrafen når dei reiser til og frå arbeid.
Personar som er strengt naudsynte for å kunne oppretthalde forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar og ivareta befolkninga sine grunnleggande behov, personar som gjennomfører vare- og passasjertransport, er unnateke frå karantene når dei er i arbeid eller reiser til og frå arbeid. Bruk av unntaket skal avklarast med verksemdsleiinga.
Personar som er omfatta av unntaket, skal så langt som muleg unngå nærkontakt med andre personar.
Transport og forsyningssikkerheit er definert som kritiske samfunnsfunksjonar av Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap. Lokale avgjerder rundt samferdsel må ikkje vera til hinder for at personar som er unnateke frå karanteneplikt kan utføre samfunnskritiske funksjonar.
Helseerklæring for sjømenn:
Vi vil og informere til dei av dykk som har tilsette som skal fornye sjømannsattest i tida krisesituasjonen pågår.
Frå Sjøfartsdirektoratet er det kome informasjon:
I samband med utfordringar knytt til Corona-viruset forlenger Sjøfartsdirektoratet gyldigheita på norske helseerklæringar. Ved henvending frå sjøfolk som på grunn av situasjonen rundt Corona-viruset ikkje får fornya sin helseerklæring, viser vi til følgande informasjon som er lagt ut på Sjøfartsdirektoratets nettside:
Forlenging av norsk helseerklæring:
I tilfelle der situasjonen med Corona-viruset er til hinder for at ein sjømann får fornya sin norske helseerklæring vil Sjøfartsdirektoratet tillate at ein sjømann arbeider med helseattest som er gått ut på dato forutsett at:
· tidsrommet ikkje overstig 6 månader, og
· vedkommande sjømann er i besittelse av ein utløpt helseattest av nyare dato.
Førarkortattest:
Statens vegvesen har i samråd med helsedirektoratet vedteke ei midlertidig forskrift om forlenging av førarrett for tungbilsjåførar, yrkessjåførar og uttrykningssjåførar med vanleg gyldigheit på førarretten.
Desse yrkesgruppene kan difor midlertidig køyre i 6 mnd ekstra på utløpsdato.
Risikogruppe:
Til slutt vil vi oppfordre alle arbeidsgjevarar å sjekke med sine tilsette om det er nokon som er i risikogruppe for å bli svært sjuke, slik at desse kan prioriterast m.o.t. heimekontor, arbeidsoppgåver som gjev mindre smitterisiko. Uansett er det viktig at desse blir teke omsyn til:
Eldre personar (over 65 år)
Vaksne personar med underliggande kronisk sjukdom som hjarte-karsjukdom, diabetes, kronisk lungesjukdom, kreft og høgt blodtrykk.
Personar som røyker har muleg også ein høgare risiko for alvorleg koronavirus-sjukdom
Vi hjelper deg om du har spørsmål, ta kontakt om det er noko du lurer på som du tenker vi kan hjelpe med.