Velkommen til Vårseminar 2020 på Skei 22.april - utsatt
Tema: Korleis lukkast i samspelet på arbeidsplassen din?
«Reisa frå det gode til det dysfunksjonelle arbeidsmiljøet.........og tilbake att»
– Kva kjenneteiknar gode arbeidsmiljø, korleis kan dei brytast ned og korleis kan me bygge dei opp att?
Målgruppe: Leiarar, tillitsvalde, verneombod og tilsette i bedrifter og organisasjonar
Dato: Onsdag 22. april 2020
Stad: Thon hotel Jølster, Skei
Tid: kl. 08.30 – 15.30
Påmelding: innan 15. april 2019.
PROGRAM
08:30: Registrering - kaffi - utstillartorg
09.00: Velkomen - introduksjon v. Anders Otto Plassen, regionleiar i Bedriftshelse1
09.15: Psykolog Lars Asle Einarsen
“Korleis skapar me det gode samspelet, korleis byggjer me det opp igjen når det har vore uro, turbulens og vanskelege konfliktar, og korleis varetek me det i kvardagen?”
10.00 Pause - utstillartorg
10.10 Einarsen forts.
11.00 Pause - utstillartorg
11.10 Einarsen forts.
12.00: Lunsj - utstillartorg
13.00: Einarsen forts.
14.00: Pause - utstillartorg
14.10 Nils Petter Hauge, HR- sjef i Stryn kommune
Tema: Betydninga av godt HMS-arbeid
15.30 Vel heim
Vi tar atterhald om avlysing dersom råda frå FHI tilseier det.
Bedriftshelse1 oppdaterer sine råd og førehandsreglar kontinuerleg for å unngå smittefare for Coronavirus. Vi har utsett alle kurs som etter planen skal gå frå no og fram til 1. april. Vi gjer fortløpande vurderingar og per no opprettheld vi påmeldinga for Vårseminaret. Om det skulle bli endringar på dette så vil du som påmeldt få umiddelbar beskjed.