Kvarts kan gi redusert lungefunksjon og alvorlege lungesjukdommar

Kvarts finst i fjellet vi har rundt oss. For å få oversikt over kor, må vi gå inn i geologiske kart. Kvarts kan vere ein rein bergart, eller blanda med andre bergartar til gneis og granitt.

Bergarten kan vere knuste og omdanna til sandstein eller i konglomerat. Kvarts er ein av dei vanlegaste minerala i Norge.

At kvarts er helsefarleg har vi hatt kunnskap om sidan starten på 1900-talet. Men vi visste ikkje korleis vi skulle beskytte oss mot støvet. Silikose, eller det dei kalla steinstøvlunge var det første som ramma oss. Silikose fører til mindre fleksibilitet i lungene på grunn av irritasjon og arr-vev.

Seinare vart ein merksam på lungekreft og kols. Kvartsstøv er også knytt til nedsett lungefunksjon, astma og allergi, hoste og sårheit i luftvegane, og til betennelsesjukdomar som for eksempel leddgikt og Crohns sjukdom. Det har vore arbeidd lenge med å redusere eksponeringa for dei som er mest utsett for støvet.

Kven er eksponerte?

I gruvedrift og tunneldrift kan det vere boring, lasting, knusing og  transport av berg som inneheld kvarts. Boring og sprenging treng ikkje berre gjerast inne i fjellet, men også ute i dagen i ei fjellskjering med påfølgjande lasting, transport og mykje støv. Fjellet blir knust til stein, pukk, grus og ulike fraksjonar av sand, - med kvarts.

At ein finn kvarts i betong, ved sandblåsing, steinlegging, arbeid med porselen, keramikk og kunstig stein, er ikkje så kjent. Kvarts-stein plagar lungene lite, men når steinen vert til fint støv som vi trekker ned i lungene våre, så blir det ein irritasjon. Irritasjonen kan føre til betennelse og lagar arr som gjer lungene stivare.

Det finaste støvet er farlegast, det er det støvet ein trekker lengst ned i lungene. Vi veit at vi må beskytte oss og våre tilsette, så kva skal vi gjere for å unngå å verte sjuke av steinstøvet?

 

Ansvar til arbeidsgjevar

Det må kartleggast kva type berg ein arbeider med, og kor fint støv som vert danna. Kanskje ein må gjere målingar for å finne ut kor mykje kvarts det er i berget og støvet? Arbeidstilsynet har mykje informasjon om kvarts og vi i Bedriftshelse1 kan også hjelpe til med kunnskap og informasjon.

Kva tiltak kan gjerast?

Vi bør halde avstand frå støvskyer frå bergartar som inneheld kvarts og vi bør vatne områder der det er arbeid som dannar støv. Vi må halde dører og vindauge på kontor i nærleik av støvet lukka, også i trucken, hjullastaren, lastebilen eller boreriggen der arbeidet blir utført.

Arbeidarar må koste av kleda og skoa sine før dei set seg inn i gravemaskina eller før ein går inn på kontoret på arbeidsplassen, det er også viktig å gjere reint i førarhuset på maskina ein utfører arbeidet med. Førarhuset til maskina ein sit i må ha ventilasjon med filtrering, da kan ei sleppe at føraren må sitte med støvmaske. Det er viktig å gjere flest muleg tiltak før ein tek i bruk verneutstyr som støvmaske, støvdress og skoovertrekk.

Det kan ta lang tid før ein merkar symptom på sjukdom, kanskje aldri. Arbeidsgjevar skal registrere alle som har vore eksponert for kvarts, da kvarts er kreftframkallande og helseskadeleg. Dersom ein blir sjuk som 70-åring, skal ein kunne finne att kva eksponering ein hadde då ein var yngre.

Dei som er tilsette i utsette bransjar skal informerast og få kunnskap frå arbeidsgivar om kva som er farane med jobben. Arbeidstakarane skal vite korleis dei kan unngå å bli eksponerte for kvarts og kva situasjonen og risikoen er i deira bedrift.

Tunnel og gruve- arbeidarar, grøftegravarar, entreprenørar i alle former, betongarbeidarar og murarar, dei som riv ned betongveggar og murar, bygningsarbeidarar, anleggsgartnarar og lærlingar som kostar grus og sand kan vere eksponerte for kvartsstøv. Arbeidsgjevarar til slike arbeidsplassar må ha kunnskap om kva dei jobbar med.

Ta kontakt med oss om du har spørsmål.

Gasta Design