Heimekontor gjev ikkje betre helse eller meir effektivitet

Som arbeidsgjevar bør du tenke deg godt om før du gjev dine tilsette faste ordningar med heimekontor.

Nyare forsking viser at det ikkje gjev meir effektivitet eller er bra for arbeidstakarane, tvert imot kan det føre til meir stress eller ubalanse i skilje mellom jobb og fritid. Ny forsking frå forsikringsselskapet IF viser at tilsette på heimekontor er meir utsett for stress. Stami (Statens arbeidsmiljøinstitutt) åtvarar og mot for mykje bruk av heimekontor.

Stami har gjennomført ei kunnskapsoppsummering om all relevant forsking om heimekontor og arbeidsmiljø. Stami si oppsummering viser at arbeidstakarane kan få betre kontroll over arbeidet og kan gje ein balanse mellom krav frå arbeid og privatliv, men det er og forbunde med negative faktorar. Dette kan vere auka krav til arbeidsmengde, du møter ikkje kollega og nokon kjenner på rolleuklarheit.

Du blir mindre tilgjengeleg og fleksibiliteten kan gje deg eit fleksibilitetsparadoks seier Stami.

If seier at det kan gje ein ubalanse i skiljet mellom jobb- og fritid  og det kan verka stressande med uklare forventningar, krav og rammer for heimekontor. Arbeidsgivar har eit ansvar for eit sunt og helsefremmande arbeidsmiljø, det gjeld og på heimekontoret. I tillegg kan det gje muskel- og skjelettplager fordi heimekontor som regel ikkje er ergonomisk tilrettelagt.

The Economist meiner at fordelane med heimekontor falmar. Blant heimekontoristane ligg produktiviteten 18-19 % lågare enn hjå dei som er fysisk ved kontoret. Kvaliteten på arbeidet fell også.

Heimekontor fører og til at kollega ikkje møtes og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen blir forringa av at tilsette ikkje er der. Samarbeid blir vekke og faglege nettverk krympar og blir meir statiske (undersøkelse mellom 62 000 tilsette i Microsoft). Det psykososiale arbeidsmiljøet blir dårlegare enn om fleire er tilstades. Mange tilsette ynskjer heimekontor, men da er det ut frå sitt eige behov og ikkje arbeidsplassen og arbeidsgjevar sine behov. 

Som arbeidsgjevar bør du vurdere det som kan vere positivt med heimekontor og kva som er utfordringa på din arbeidsplass. Heimekontor er ofte drive fram av medarbeidarane sine ynskje. Ei god planlegging er viktig for at det skal fungere. For deg som arbeidsgjevar kan det bli meir krevjande å følgje opp arbeidstakarane fordi du ikkje har dei rundt deg, det er og vanskeleg å fange opp om nokon har det vanskeleg. Ein god informasjonsflyt og klare rammer er viktig.

Så dersom du ynskjer tilby heimekontor til dine tilsette er stikkordet god planlegging.

Ta gjerne kontakt med oss i Bedriftshelse1 om du har spørsmål.

Gasta Design