Hydro i Årdal har alltid verneombod på jobb
– Sikkerheita til dei tilsette er første prioritet. Difor har vi valt å ha verneombod på jobb under alle skift.
Det fortel Hanne Hoel Pedersen. Ho har vore HMS-leiar i Hydro Aluminium i Årdal sidan 2009, og tilsett i bedrifta sidan 1988. Ho veit korleis det var før - og korleis det er no.
– Vi jobbar i ein industri med mange krevjande arbeidsstasjonar. Det er viktig at dei tilsette er trygge på jobb og at det er miljø for å snakke om det. Folk gjer vala sjølv, men vi må legge til rette for at dei tek dei rette vala, fortel ho.
Hydro Aluminium i Årdal har vore kunde hos oss i Bedriftshelse1 sidan 2006 (som den gang heit Sogn Bedriftshelseteneste). Dei har fått på plass eit solid mannskap med god opplæring. Alle einingsleiarar får kurs i arbeidsmiljø, og dei har alle verneombod i sin stab. I tillegg har alle skiftteam verneombod.
– Det betyr at vi alltid har verneombod på jobb, uansett arbeidstid.
Saman med oss i bedriftshelsetenesta jobbar Hydro aktivt med sine verneombod, kursar dei og føl dei opp. I følge Pedersen er dei flinke og engasjerte, og sterke fagleg.
Annleis før
Slik blir dei tilsette tryggare. Arbeidsplassen blir meir attraktiv, kunnskapen aukar og ulykkene blir redusert. Det blir krevd mykje arbeid og god dialog, noko som gir resultat. Det kan vi i bedriftshelsetenesta skrive under på.
HMS-leiaren i Hydro trur dei tilsette set pris på det sterke fokuset på HMS. Dei føler seg tryggare og dei kan be om hjelp om dei treng. Ho trur dei begynner å få på plass riktige haldningar. Dei tilsette er opptekne av helse, miljø og sikkerheit, og dei ønskjer å kunne meir.
– Da eg starta her på 80-talet fekk eg sjå bilde av folk som arbeidde med skjorteermene oppbretta og i t-skjorte inne i støyperiet. I dag ser vi jo på dette som galskap. At fleire fekk luftvegsplager kvart år, det var heilt normalt. Det verka som dette var noko ein berre måtte rekne med i denne bransjen, fortel ho.
Slik kan ein ikkje ha det, og prosedyrane har forandra seg betydeleg dei siste tiåra. Krava frå myndigheitene har blitt mykje strengare, og aluminiumsbransjen er underlagt spesielt strenge krav. I tillegg har Hydro Årdal valt å stramme inn marginane ytterlegare på nokon område, og talet på moglege yrkessjukdommar er betydeleg redusert. Det syner at tiltaka fungerer.
Bedriftshelseteneste i same bygg
For bedrifta i Årdal er det ikkje berre akutte skader som er viktig, det er like viktig å måle risiko over tid. Potensielle høyrselsskadar, luftvegsplager og liknande er verre enn eit kutt i ein finger som kan reparerast med eit sting eller to.
– Då trenger vi kompetente folk som kan komme inn å gjere målingar og risikovurderingar for oss, påpeiker Pedersen.
Difor har dei valt å sette bort bedriftshelsetenesta til Bedrfitshelse1. Vårt kontor i Årdal ligg på Hydro sitt fabrikkområde. Her har vi legar, fysioterapeutar, sjukepleiarar og yrkeshygienikar som jobbar mot Hydro og fast med Hydro-tilsette.
– Det er flott å jobbe så tett med Hydro. Eg har jobba med dei i åtte år no, så eg kjenner dei godt. Vi i Bedriftshelse1 blir ein del av deira arbeidsmiljø. Folk kjenner oss godt, og vi kjenner sjargongen deira, noko som er ein fordel for arbeidet vårt, fortel Gro Charlotte Fretheim Sraidi, som er yrkeshygienikar i Bedriftshelse1.
Eigen brannbil på fabrikken
Er du på besøk hos Hydro i Øvre Årdal, vil du sjå at dei har eige brannstasjon inne på fabrikken. Hydro har òg sløkkeavtale med Årdal Kommune, og skjer det noko der ute er det Hydros beredskap som rykker ut saman med det overordna brannbefalet i kommunen. Dei har òg eit godt samarbeid med dei andre naudetatane i bygda, og dei trenar saman for å bli gode på samhandling når uhellet er ute.
– Det betyr at vi alltid har dyktige brannmenn på vakt. Dei er trena og utdanna som vanlege brannkonstablar, i tillegg til at dei har mykje kunnskap om ting knyta til vår drift av aluminiumsverket. Bedriftshelse1 står for årleg helsekontroll av brannmannskapa, og bidrar med oppfølging etter hendingar om behovet skulle vere der.
– Vi jobbar mot null arbeidsskadar kvart år, og då må vi ta mange forhandsreglar. Sikkerheita til dei tilsette er første prioritet hos oss, gjentar Pedersen.i