Snart på plass med nytt kontor i Førde
Vi utvidar Avdeling Sunnfjord med nye lokale i Langebruvegen.
– Det blir bra. Vi gler oss til å komme på plass i Førde. For mange bedrifter blir det lettare å stikke innom oss, Førde er liksom på vegen for mange, fortel Helene Ulvik Stenseth.
Ho er sjukepleiar hos Bedriftshelse1 og er ei av dei som skal ha kontorplass i Førde. I dag jobbar ho frå kontor i Florø, men gler seg til å komme i gang på nytt kontor. Det er ikkje mykje som gjenstår før lokala er klare, så dei håpar å vere på plass i løpet av kort tid.
– Marknaden er stor her, så det er behov for oss. Vi kjem til å ha et breidt tilbod, og halde kurs både ute i bedriftene og her i våre nye lokale. Det blir spennande og bra for kundane, legg ho til.
Er du nysgjerrig på kva kurs vi tilbyr? Sjå her.
Bred kompetanse
Det blir tre tilsette frå oppstart. I tillegg til Helene Ulvik Stenseth, skal Tone Botten, som er sertifisert yrkeshygienikar, og Sebastian Crescenti, som er fysioterapeut, sitte i Langebruvegen 19. Kontoret vil vere ein del av Avdeling Sunnfjord, med hovudkontor i Florø. Det betyr at begge kontor vil jobbe saman i heile området.
– Eg gler meg til å komme skikkeleg i gang. Eg har jobba i Arbeidstilsynet i 12 år og har tidligare vore 15 år i bedriftshelsetenesta. Eg trur den kombinasjonen gir meg eit godt utgangspunkt for jobben eg skal gjere i Bedriftshelse1, fortel Botten.
Etter lang fartstid i Arbeidstilsynet, kjenner ho lovar og reglar betre enn dei fleste. Botten veit korleis Arbeidstilsynet tolkar lovane, til det beste for dei på arbeidsplassen. Dermed veit ho mykje om korleis bedrifter bør tilpasse seg.
– Eg har lært vanvettig mykje dei åra eg har vore i Arbeidstilsynet. Eg kjenner bedriftene i Sogn og Fjordane godt og har vore borti mange forskjellige bransjar. Eg gler meg til å bruke kompetansen min som ein del av bedriftshelsetenesta, fortel ho.
Innflytelse på samfunnet
Sebastian Crescenti jobbar i dag ved kontoret vårt i Florø, og skal jobbe litt både får Florø og Førde. Han gler seg til å møte fleire nye kundar.
– Det er så moro å jobbe i bedriftshelsetenesta. Eg har tidligare jobba meir med brannslukking, nå jobbar eg meir førebyggande. Det gir meg større innflytelse på samfunnet. Kan eg hjelpe til med å redusere det totale sjukefråveret, så har eg gjort ein god innsats, fortel han.