Krav til opplæring for alle som nyttar diisocyanatar
Alle som brukar produkt som inneheld desse stoffa må frå 24. august 2023 ha fullført opplæring i sikker bruk av produkta og med godkjent resultat.
5000 arbeidstakarar i Europa blir kvart år sjuke av yrkesrelaterte luftvegssjukdommar, mellom anna astma, etter å ha blitt eksponert for desse produkta. Difor er dette kravet om opplæring innført, og kravet gjeld i heile EU/EØS.
Kva er diisocyanatar?
Diisocyanat finn ein i tetningsmateriale, overflatebehandling, nokre typar byggskum, lim, maling og lakk. Ein kan og verte eksponert ved produksjon av for eksempel skumgummi og plastprodukt.
Om du er usikker på om di bedrift brukar produkt som inneheld diisocyanat, så sjekk sikkerheitsdatablad eller høyr med leverandøren.
Helsefaren med diisocyanat:
Små mengder diisocyanat kan gje alvorlege helseskadar. Luktterskelen er høg, noko som vil tilseie at når du kjenner lukta så er eksponeringa langt over akseptabelt nivå.
Diisocyanat kan utløyse allergisk reaksjon i huda og auga, det kan gje allergi, astmasymptom eller pustevanskar om ein pustar det inn. Nokre typar er og kreftframkallande. Astma utløyst av diisocyanat startar ofte med hoste og åndenød. Reaksjonen kan kome raskt (innan ein halvtime) eller forseinka ( etter 3 til 6 timar).
Opplæringa
Opplæringa skal vere gjennomført innan 24. august 2023. Alle som brukar eller overvakar arbeid med diisocyanat skal ha opplæring. Opplæringa skal gjentakast kvart femte år.
Leverandør av produkt som inneheld diisocyanat skal gje tilgang på opplæringsmateriale og kurs på det språket produkta vert levert på.
Som arbeidsgjevar er ein ansvarleg for å legge til rette for slik opplæring, og at alle arbeidstakarar som brukar diisocyanat har godkjent resultat.
Den som skal gje opplæringa må vere ein ekspert som har kompetanse til å kunne gje kunnskap og svare på spørsmål. Det er tre nivå av opplæring, der ein tilpassar etter kva bruk og eksponering ein har i bedrifta. Mange leverandørar held kurs for sine kundar. I tillegg kan bedriftshelsetenesta eller andre med relevant kompetanse halde slike kurs.
Du finn meir informasjonen på Arbeidstilsynet sine nettsider: Krav til opplæring for alle som bruker diisocyanater (arbeidstilsynet.no).