Teieplikt vs. opplysningsplikt: Kva gjeld for bedriftshelsetenesta?

Veit dine tilsette at dei kan ta kontakt med BHT utan at arbeidsgjevar veit om dette?

Du kjenner kanskje til at bedriftshelsetenesta (BHT) sin funksjon og virkeområde er nedfelt og regulert blant anna av Arbeidsmiljølova med forskrifter. Der framgår det også at BHT skal ha ei «fri og uavhengig stilling» i høve oppdragsgjevar/avtalepart (dvs. leiiar i bedrifta som får tenester levert).

Dette betyr at sjølv om det er arbeidsgjevar som formelt er avtalepart og som betalar for tenestene, så skal alle tilsette som er omfatta av avtalen fritt kunne ta kontakt med BHT utan at arbeidsgjevar skal vite om dette. I våre BHT-kontrakter er det opplyst om denne retten, og vi oppmodar bedrifta om å informere om dette internt.

Men korleis fungerer dette i praksis, og kan arbeidstakar stole på BHT sin «nøytralitet» og teieplikt? Når det gjeld helseopplysningar er BHT-personell underlagt dei same teiepliktreglane som offentleg helsepersonell (nedfelt i Helsepersonell-loven).

I våre arbeidsprosedyrar er det nedfelt reglar rundt dette som sikrar trygg handtering og registrering av nødvendige opplysningar. Men kva med personopplysningar;  har arbeidsgjevar rett til å få vite namn på kven som har møtt til avtalt konsultasjon hos BHT?

Kva gjeld bransjen din?

Det hender at BHT får spørsmål frå arbeidsgjevar om dette, og vi handterer dette på flg. måte:

  • Dersom tenesta gjeld helsesertifisering (legeattestar), eller helsekontrollar som arbeidsgjevar skal tilby eller er pålagt å gjennomføre, opptrer helsepersonellet i rolla som sakkyndig med opplysningsplikt. Det vil sei at BHT i slike tilfelle kan opplyse arbeidsgjevar om kven som har møtt, dersom arbeidsgjevar spør oss om dette. Ved slike avtalte tenester vil BHT og bedrifta uansett ha ein dialog på førehand vedrørande planlegging av tenesta, liste over kven som møter, oppmøtetider osv., og det kan vere viktig for bedrifta å dokumentere i sitt HMS-system kven som har møtt til avtalt time, grunna krav til å gjennomføre helsekontrollar.

  • Dersom tenesta gjeld arbeidsmedisinsk poliklinikk (andre medisinske undersøkingar, støtte- og rådgjevingssamtalar med tilsette, som til dømes psykososialt arbeidsmiljø, AKAN-konsultasjonar o.l.) vil BHT opptre som behandlar med teieplikt. Det vil seie at verken informasjon om oppmøte, eller den tilsette sine helseopplysningar/diagnose vil bli kommunisert til arbeidsgjevar. Teieplikta vår gjeld inntil den tilsette/pasienten eventuelt samtykkjer til å gi opplysningar vidare. Tilsette i ei bedrift tilknytt BHT har altså rett til å oppsøkje BHT utan at arbeidsgjevar har kjennskap til kven dette er.

Det er viktig at både leiarar og andre tilsette i bedriftene som er tilknytt BHT kjenner til denne todelinga i roller BHT-personellet har i høve kva tenester dei skal levere.


Kjelder for denne informasjonen finn du bl.a. i Arbeidsmiljøloven § 9-3 og 9-4, samt i Helsepersonelloven § 15, 21, 22 og 27.

Astri Knudsen