BHT-avtalen - sikre at du får «value for money»

Skal du inngå BHT-avtale, eller ynskjer å skifte leverandør? Det kan vere store skilnader i tilboda. Her er dei viktigaste faktorane du bør vurdere før du vel løysing.

Vi opplever at mange leiarar finn det vanskeleg å finne den optimale BHT-løysinga for si bedrift. Det trengs både HMS-kunnskap, bestillarkompetanse og kunnskap om regelverket for å kunne velje dei gode løysingane.

Arbeidstilsynet har frå 2023 innskjerpa krava om at bedrifter som er lovpålagt å vere tilknytt ei BHT, faktisk er det. Bedrifter må vise at dei får levert dei tenestene BHT’en skal bistå med, jf. Forskrift om organisering, ledelse og medvirkning § 13-2. Arbeidstilsynet har varsla auka kontrollverksemd, med fokus på rett bruk av BHT.

Dersom di bedrift vurderer å inngå BHT-avtale, eller skifte til annan leverandør, kan det vere verd å ta eit steg tilbake og først gjere ei samanlikning av kva dei ulike tilbydarane har inkludert i avtalen sin. Punkta nedanfor kan kanskje hjelpe deg til å gjere eit rett val i denne prosessen.

Sjekk desse punkta før du tek valet ditt:

Pris

Pris er ofte oppgitt per tilsett per år, eventuelt per årsverk, eller det kan vere per tilsett per månad. Rekn om tilboda slik at dei blir reelt samanliknbare, og hugs å ta med i vurderinga omfanget eller begrensningar i kva tenester som er inkludert i prisen. Ver obs på at fleire leverandørar tilbyr ein liten «grunnpakke» med eit fåtal tenester, der ein betaler ein låg grunnpris, men likevel endar opp med ei dyr løysing fordi andre sentrale tenester bedrifta også skal ha ikkje er inkludert, og dermed blir tilleggsfakturert.

I kontrakten bør det framgå tydeleg kva som er inkluderte tenester og kva som er tilleggstenester, og kva prisforskjell det er mellom desse. Ver særleg obs på om prisen på tenester frå bedriftslege og yrkeshygienikar/verneingeniør er inkludert eller ikkje, og om timeprisane i avtalen varierer mykje mellom yrkesgruppene i BHT’en (t.d. ml. bedriftslege og bedriftssjukepleiar).

Sjekk og om reisetid for BHT-personell er inkludert. Fleire av leverandørane som marknadsfører seg med i hovudsak digitale løysingar, har ingen eller lite BHT-personell tilgjengeleg der du er.

Kvalitet og omdømme

Vi som arbeider i BHT er høgt utdanna innan HMS, helsefag eller fysisk arbeidsmiljø, og helsepersonellet er underlagt dei same krav og godkjenningsordningar som i det offentlege. Du må kunne forvente høg kvalitet på tenester, god rådgjeving og trygg handsaming av dine tilsette og deira pasient- og personopplysningar.

BHT-personellet sin kunnskap og erfaring med bedrifta og bransjen din kan vere viktig for å få gode og relevante tenester, så tenk langsiktig og bygg gode relasjonar og godt samarbeid i HMS-arbeidet!

BHT’en sitt omdømme i ditt område bør du og sjekke ut før du vel leverandør. Bruk nettverket ditt lokalt og innhent referanse/erfaringar med BHT-leverandør frå leiarar/tilsettrepresentantar i bedrifter du kjenner til.

Om leverandøren i tillegg til eit godt omdømme også kan vise til stabil drift over tid og ein solid kundeportefølje, bør det vere ein klar kandidat når du gjer valet ditt.

Lokalt tilgjengeleg personell

Den digitale kvardagen møter vi snart overalt, og etter pandemien har digitale møte- og arbeidsformer blitt meir vanlege. Også i BHT-bransjen er dette blitt viktige og nødvendige verktøy for samhandling og kommunikasjon.

Vi ser at nokre av våre konkurrentar har teke dette eit steg lenger, og tilbyr sine tenester nesten fullt ut digitalt, utan at dei har personell tilgjengeleg lokalt som kan levere tenestene. Nokre tilbyr også ulike sjølvtest-kit, der den tilsette får rettleiing av lege eller sjukepleiar over video ved sjekk av ulike helseindikatorar.

Vi meiner det er grunn til ein viss skepsis til slike løysingar, og stiller spørsmål ved om slike konsultasjonar kan gjelde som fullverdige helsekontrollar.

Vi trur at du får dei beste tenestene når BHT-personellet er nær deg og har kontor der du er eller i nærområdet, reiser ut i bedrifta og møter dei tilsette i arbeidskvardagen sin. Videokonsultasjonar kan vere eit viktig supplement når det trengs spesialkompetanse det lokale BHT-kontoret ikkje har, men nærleik og fysisk frammøte, kombinert med solid fagkunnskap frå lokale rådgjevarar, gjev den beste relasjonsbygginga, og trumfar alltid dei heildigitale løysingane.

Så sjekk alltid leverandøren sin kontorstruktur, tilgjengelegheit, responstider, og policy når det gjeld oppmøte i bedrifta di.

Har du spørsmål eller ynskjer tilbud på BHT-teneste? Kontakt oss gjerne.

Astri Knudsen