Har du fått brev frå Arbeidstilsynet i Altinn?
1.1.2023 skjer ei lovendring i BHT-forskrifta. I samband med dette har Arbeidstilsynet uttalt at dei framover vil styrke kontrollen på bruk av bedriftshelseteneste hjå dei som har risikofylt arbeidsmiljø og er pålagd å bruke bedriftshelseteneste.
Forskriftsendringa tydeleggjer bedriftshelsetenesta si rolle og mandat ved at bedriftshelsetenestene først og fremst skal bidra til det førebyggjande arbeidsmiljøarbeidet til bedriftene. Den nye forskrifta er også klar på at dei tenestene vi som bedriftshelseteneste leverer, skal ta utgangspunkt i risikoforhold i bedrifta som har betydning for arbeidshelse.
Les også: Arbeidstilsynet - Meir målretta bedriftshelseteneste
Vi i Bedriftshelse1 er svært glade for denne presiseringa i det nye lovverket. Vi trur også at endringa er bra for bedriftene og dei tilsette, sidan det set fokus på kartlegging av risiko og førebyggjande tiltak.
Å jobbe systematisk med risiko og førebyggjande tiltak er også god økonomi for bedriftene, og kostar ofte berre småpengar i forhold til kva sjukefråvær kostar deg.
Les også: Kva kostar sjukefråværet?
Har du fått brev om tilsyn og vil knytte deg til ei godkjend bedriftshelseteneste?
Bedriftshelse1 er godkjend BHT og den største bedriftshelsetenesta i Vestland. Vi kan hjelpe deg raskt i gang.
Ta kontakt med ditt lokalkontor .