Julehelsing frå Bedriftshelse1
2022 står som året da alt skulle forandrast. Etter to år med pandemi skulle vi tilbake til normale arbeidsdagar og tilbake til vanlege kvardagar. Men det blei vel mykje endring i samfunnet dette året, nokre av endringane er sikkert til det beste for oss på sikt.
Krigen i Ukraina burde vi ha sett komme, og litt naive var vi nok. Uansett har det ført til endringar for oss både for arbeidsplassane og for privatøkonomien vår.
Vi kjenner alle på dei nye tidene, og det er for mange utfordrande. Nokre bedrifter går so det susar fordi etterspørsel av varene deira har auka, medan andre slit med å betale straumrekningar og andre auka kostnader.
I Bedriftshelse1 har vi hatt det svært travelt heile året, det er auka etterspørsel etter tenestene våre og vi merkar godt at mange bedrifter treng oss. Det er mykje endringar og omstillingar rundt om, og da kan vi vere til god hjelp. Vi ser at det er auka etterspørsel etter alle våre tenester og spesielt på ergonomiske kartleggingar og det psykososiale arbeidsmiljøet.
Vi har gjennomført influensavaksine til bedrifter der vi har hatt kapasitet til å gjennomføre det, og håpar det kan vere med på å redusere sjukefråværet i bedriftene våre.
Det kan vere tøffe dagar for leiarar i bedriftene under slike endringar som vi står oppe i. Mykje usikkerheit i arbeidstokken kan føre til at følelsar kjem i ulage. Det dukkar opp mange spørsmål om tryggheit på arbeidsplassen. Dette kan føre til at ein føler energitap og utmattelse.
Vi veit at endringane ikkje er over og det kan bli ein vanskeleg periode framover. I Bedriftshelse1 har vi mange kompetente medarbeidarar som kan hjelpe deg både i små og større saker på alle våre fagområde. Ikkje nøl med å ta kontakt med oss.
No står julehøgtida framføre oss, ei høgtid for ettertanke, der vi kan komme litt vekk frå kvardagen og samle kreftene til starten på eit nytt år.
Dersom du skulle ha behov for hjelp frå oss i jula vil du kunne ta kontakt med vårt sentralbord i tida 09.00 – 13.00 i romjula.
Du finn og mykje god informasjon om tenestene vi tilbyr og kontaktinformasjon til alle våre tilsette i alle regionar.
Ikkje gløym at vi kan spesialtilpassa kurs etter ditt ynskje innanfor våre fagområde, det er berre å ta kontakt med oss.
Til slutt vil eg ynskje velkommen til alle nye kundar, og ei fin og fredfull julefeiring til alle.
GOD JUL
Vennleg helsing,
Randi Marie Sjøholt,
Adm. dir