Velkomen til HMS-dag i november
Vi arrangerer HMS-dag på Voss og Skei med tema “endringskapasitet og endringsleiing”.
Gjennom koronakrisa har vi både i store og små bedrifter fått oppleve kor viktig det er å kunne endre seg raskt. Gjennom desse foredragavil du få god kunnskap om endringskapasitet og endringsledelse.
Voss
1. november 2022
Stad: Park Hotel Vossevangen
Tid: 08.30 -15.30
Påmeldingsfrist 17. oktober
Skei
24. november 2022
Stad: Thon hotel Jølster Skei
Tid: 08.30 -15.30
Påmeldingsfrist 18. november
Tema: Endringskapasitet og endringsleiing
Korleis kan organisasjonar byggje endringskapasitet for framtida?
Christine Meyer vil fokusere på korleis leiarar og medarbeidarar kan takle at mange endringar skjer på ei og same tid. Ho vil både sjå på korleis tilsette reagerer når fleire endringar skjer samtidig og ei ny endring følgjer før den noverande har blitt avslutta og betydning av endringserfaring. Ho vil vise kva grep toppleiinga kan gjere for å lykkast med slike endringar.
Christine Meyer er professor i strategi og leiing ved Norges Handelshøyskole og har betydeleg erfaring som toppleiar og politikar innanfor offentleg sektor. Christine var statssekretær i Bondevik II regjeringa og byråd for høvesvis finans og helse i Bergen under Monica Mælands byråd. Ho forlet byrådsposisjonen for å bli konkurransedirektør, ein posisjon ho hadde i fire år til ho tiltredde som administrerande direktør for SSB. I 2017 gjekk Christine tilbake til NHH som professor.
Christines forskingsinteresser er strategi og strategisk endring og innovasjon, og forskinga spenner på tvers av privat og offentleg sektor. Saman med kollega Inger Stensaker har ho skrive bøker om endrings- og innovasjonskapasitet (den siste boka blei også skriven saman med to praktikarar). Ho har betydeleg erfaring frå styrearbeid og har sete i fleire offentlege utval, blant anna i Produktivitets-kommisjonen, og ho leier no Kvinnehelseutvalget. Ho er og ein hyppig brukt foredragshaldar, og har lang erfaring i å gje råd til verksemder i strategiske spørsmål.
Kva rolle spelar mellomleiaren og spelar det noko rolle?
Monica Rydland vil dykke ned i korleis endringar utspelar seg i organisasjonar. Ho vil særleg fokusere på den svært viktige rolla som mellomleiar har som endringsagent og kva for implikasjonar dette har for vår evne til å setje i verk endringar i organisasjonar og nå våre strategiske ambisjonar.
Monica Rydland (ph.d. i strategisk endring) er forskar ved SNF/RaCe prosjektet, programdirektør ved NHH Executive der ho har ansvar for Executive master i Ledelse som omhandlar modular knytt til leiing, omstilling, innovasjon og berekraft. Ho har og erfaring som konsulent og foredragshaldar innanfor endring, leiing, innovasjon og digital transformasjon. Rydland har styreerfaring frå IT, finans og kultur, samt lang arbeidserfaring som leiar i privat sektor.
Program
08.30 Registrering og kaffe
09.00 Velkommen – Bedriftshelse1
09.15 Professor Christine Meyer og Monica Rydland
Korleis kan organisasjonar byggje endringskapasitet for framtida?
Kva rolle spelar mellomleiaren og spelar det noko rolle?
12.00 Lunch
15.30 Avslutning og vel heim
Pausar lagt inn kvar time