Post korona. Heimekontor, eller være på jobben?

Det er godt dokumentert at arbeid er bra for helsa, og eit godt arbeidsmiljø er ein føresetnad for å lykkast med omstilling, inkludering, engasjement og produktivitet. 

Inspirasjon og deler av tekst i artikkelen er henta frå Stami sitt magasin Arbeid og helse.

Det kan framover bli ei utfordring både for arbeidsgjevar og arbeidstakar kva som vil vere den optimale balansen mellom heimekontor og arbeidsplassen sine kontor. Heimekontor (fjernarbeid) kan vere så mangt. Folk jobbar frå utlandet, hytta eller ein kafé. Korleis skal vi rigge arbeidslivet for framtida?

Spørsmål som må stillast er om det er praktisk for bedrifta eller arbeidstakar i ein hektisk kvardag. Nokre varsellamper må vi ta på alvor.

I koronapandemien har mange strekt seg langt, heller ikkje alle arbeidstakarar ynskjer heimekontor. Heimekontor kan potensielt gje betre balanse mellom jobb og fritid, men det kan og gje manglande sosial støtte og uklare rollar.

Vi veit ikkje heilt effekten av fjernarbeid over tid i ein normalsituasjon. Arbeidstakarar har sleppt arbeidsgjevar inn i heimen og privatlivet sitt. Det kan bli oppfatta som invaderande. Mange ynskjer fleksibilitet framover, og for mange vil det auke produksjonen. Full friheit kan fort bli at vi handlar etter det vi som individ ynskjer. Ein kan lett gløyme at det er andre som har behov for oss på arbeidsplassen.

Mange kan ha opplevd større fleksibilitet med at arbeidsdagen kunne nyttast til å trene midt på dagen, eller gå ein tur. Dette kan føre til at ein viskar ut forskjellen mellom arbeidstid og fritid. Denne ubalansen kan gå utover helsa på sikt.

Nokre yrke er eigna for heimekontor, der ein kan sitte uforstyrra, medan andre yrke ikkje har same mulegheit. Vi må ikkje gløyme verdien av det sosiale ved å vere på jobben og at kollegaer og treng kvarandre. Arbeidsplassen er og sosialt fellesskap, læring og kompetanseheving.

For nytilsette er det ofte tungt å sitte heime, dei treng å møte andre og få hjelp av kollega. Fjernarbeid bør løne seg for bedrifta og samfunnet, ikkje berre for den tilsette. 

Arbeidsgjevar må framover ta stilling til og handtere dei ulike behov som følgje av endringar i arbeid og arbeidsorganisasjonen. Til dømes kor store dosar med heimekontor, arbeid med høg konsentrasjon, frivilligheit og om ein funksjonell arbeidsplass er tilgjengeleg.

Bedriftshelse1 kan hjelpe bedrifter med å vurdere arbeidsplassen i samband med spørsmål om korleis funksjonelt rigge arbeidsplassen etter pandemien.

Vi kan bistå i situasjonar der det har oppstått ulike meiningar om kva ei bedrift bør gjere framover.

 

Vi må ikkje gløyme verdien av det sosiale ved å vere på jobben og at kollegaer og treng kvarandre. Arbeidsplassen er og sosialt fellesskap, læring og kompetanseheving.

Gasta Design