KUNDEINFORMASJON FOR KONTAKTAR VED BEDRIFTSHELSE1

Den siste månaden har ein ny variant av Covid-19 dukka opp i Norge. Dette har bl.a. medført at det  lokalt er innført utvida smitteverntiltak i 15 kommunar på Austlandet. I tida framover kan ein risikere at fleire variantar dukkar opp ulike stader i Norge, og dette kan medføre behov for å innføre varierande smitteverntiltak frå kommune til kommune.


Vi ber våre kundar om å halde seg oppdatert om gjeldande lokale smitteverntiltak i sin kommune.

Har du vore i ein kommune med innskjerpa smitteverntiltak i løpet av siste 10 dagar før avtale hos oss (møte, helsekontroll eller konsultasjon), ber vi om at du opplyser om dette. For din eigen og vår sikkerheit, vil du også bli spurt om dette før oppmøte hos oss.

Spørsmål til deg som skal møte opp på Bedrifthelse1 sine lokaler; 

  • Har du påvist smitte av koronavirus, eller ventar du på prøvesvar?

  • Har du siste 10 dager vore i nærkontakt med person med påvist koronasmitte?

  • Har du siste 10 dager vore utanlands eller innanlands med mykje smitte?

Har du dei siste 10 dagane hatt:

  • Feber?

  • Hoste og/eller tungpust?

  • Endra lukte- og/eller smakssans?

     

    Grunna Covid-19/Korona-situasjonen ber vi deg å kontakta oss på telefon dersom du svarar JA på minst 1 av spørsmåla over.

            Frammøte (dersom du er frisk):

  • Bruk handdesinfeksjonsmiddel ved inngangen.

  • Nytt! Bruk munnbind hjå oss, anten eige eller du kan få når du kjem

  • Kom tidlegast 5-10 minutt før time. Vent i bil/ute/venterom (ulike alternativ etter kva kontor det er).

  • Dersom fleire kjem frå same bedrift, kan nr. 2, osv. i rekka måtte venta ute.

  • Unngå å ta på noko på venterom/undersøkingsrom med mindre du får beskjed.

  • Hjelp oss med reinhaldet! Bruk skoovertrekk ved skitne skor.

  • Gode hygienetiltak ved bruk av toalett.

  • Føler du behov for å bruka meir desinfeksjonsmiddel under kontakten, sei i frå.

  • Skulle du likevel få symptom på luftvegsinfeksjon, sei i frå.  

Har du spørsmål om du kan koma til oss grunna helsa di eller andre årsaker, ring og bed om råd.

Kontakt på e-post: post@bedriftshelse1.no eller tlf.:

Førde/ Florø: 47 48 47 80

Norheimsund: 56550490

Odda: 53650090

Sogndal: 57679060

Stryn / Nordfjordeid: 57 87 19 44

Ulsteinvik: 97 11 22 38

Voss: 56530900

Årdal: 47 50 80 64 /57 64 92 28

 

NyheitGro Drægni