Smittestopp-appen,  liten innsats – stor nytte!

Smittestopp vart app-stopp!

I mars 2020 stengde landet ned etter utbrotet av korona-pandemien og arbeidet med å få kontroll og oversikt på smitteutbrota starta for fullt. Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet (FHI) har heile vegen  vore faginstansar i dette arbeidet, og starta arbeidet med å utvikle ein telefon-app som skulle kunne fange opp og varsle personar som hadde vore i nærleiken av smitta personar, slik at den som vart varsla kunne teste seg. Appen stoppar ikkje smitte, slik namnet kan tyde på, men er eit varslingssystem som skal seie frå om ein har vore nærkontakt til smitta personar. Appen vart dessverre ingen suksess, og etter kvart kom det kritikk både for dårleg sikkerheit, mangelfull funksjonalitet og at appen samla person- og GPS-data i eit sentralt register. I juli 2020 enda dette med at Datatilsynet sette ned foten og la ned forbod mot å bruke appen.

Ny versjon – sikrare og betre

Men ideen om appen levde vidare, og erfaringane etter den første versjonen førte fram til satsing på ein ny app som skulle løyse problema med den gamle, ha fleire funksjonar og vere enklare å bruke. Utover hausten sette FHI inn ressursar på utvikling, og måndag 20. desember vart den nye appen rulla ut til folket.

Den nye appen har tre likheiter med den første versjonen; namnet, føremålet, og at det framleis er Bluetooth som blir brukt til kontaktsporing. Alt anna er ulikt - og langt meir tillitsvekkande!

I den gamle appen måtte ein logge inn med persondata med ein gong ein tok den i bruk. Det trengs ikkje i den nye, den veit i utgangspunktet ikkje kven du er! Appen sender heller ikkje lenger GPS-data om dine bevegelsar, men sender koda talkombinasjonar som appen på din telefon registrerer via Bluetooth når du passerer i nærleiken av andre som har appen installert. Dersom eit av nummera du har vore i nærleiken av er i lista over smitta i det sentrale registreret, er du nærkontakt til nokon, og blir varsla om kva du skal gjere vidare.

Slik kjem du i gang med den nye appen

Etter at du har lasta ned appen ber den om at du gjer følgjande:

·         stadfeste at det er ok at dei koda nummera frå din telefon kan delast til andre telefonar

·         stadfeste at du vil skru på funksjonane for kontaktsporing i mobilen din

·         akseptere å ta imot varsling om nærkontaktar

Deretter treng du ikkje gjere anna enn å la appen gjere jobben sin. Du vil med ujamne mellomrom motta lydlause korte statusbeskjedar som kjem opp på telefonskjermen din og forsvinn igjen. Først når appen på din telefon får «match» på ein nærkontakt, blir du varsla om smittefaren og oppmoda om snarleg testing.

Kritikken etter første forsøk med smittesporings-app har stilna og noverande løysing er enkel å bruke, verkar trygg og stabil, og er eit tilbod om tidleg varsling alle bør ta imot. Smittesituasjonen i landet er framleis utfordrande mange stader, og nytten av appen vil vere stor i lang tid enno.

Vi i Bedriftshelse1 har kompetanse og verktøy for å hjelpe også bedrifter i smittevernarbeidet. Vi utfører risikovurderingar av smittevernarbeidet i verksemdene og hjelper til med rådgjeving om tiltak tilpassa den enkelte bransje/bedrift. Arbeidstilsynet har fokus på tilsyn innan dette området for tida, og mange søkjer hjelp, både for å få oversikt over gjeldande nasjonale og lokale krav til smittevernet, og for å tilpasse tiltaka i den enkelte bedrift. Vi hjelper deg gjerne!

NyheitGro Drægni