Ledig stilling: Fysioterapeut 100% fast
Bedriftsfysioterapeut 100% fast stilling i Odda
Er dette jobben for deg? Bedriftshelse1 har ledig stilling som fysioterapeut. Vi er i stadig utvikling og treng fleire medarbeidarar.
Har du lyst til å jobba i team, saman med lege, sjukepleiarar og yrkeshygienikar. Vi er på jakt etter ein fysioterapeut som skal delta i det tverrfaglege teamet vårt i Odda. Du skal jobba med førebyggande arbeidsmiljø ute hjå våre kundar. Jobben vil innehalde arbeid innan ergonomi og det psykososiale arbeidsmiljøet med fokus på førebyggande HMS-arbeid.
Dine oppgåver vil mellom anna vera:
· Individuell tilrettelegging og rådgjeving
· Arbeidsplassvurderingar
· Bistå med førebygging av arbeidsrelaterte muskel- og skjelettplager
· Oppfølging av sjukemelde og rettleiing i sjukefråværsoppfølging
· Kontaktansvar mot kundar og koordinering av leveransar til dine kundar
· Kartleggingar og risikovurderingar av arbeidsmiljø
· Halde kurs
· Bidra til systematisk HMS-arbeid hjå kundane
Vi ser etter deg som:
· Har norsk autorisasjon som fysioterapeut
· Ynskjer å arbeida med førebyggande helsearbeid
· Generell kompetanse innan systematisk HMS-arbeid
· Lyst og evne til å undervise
· Kunnskap rundt det psykososiale arbeidsmiljøet
· Gode samarbeids– og kommunikasjonsevner , er systematisk og strukturert
· Gode munnleg og skriftleg framstillingsevner
· God IT-kompetanse
· Evne til å jobbe i team, vera engasjert og initiativrik
· Høg arbeidskapasitet
· Fleksibel
· Du må ha førarkort og disponere bil, da deler av arbeidet blir utført ute i bedrifter
Vi tilbyr:
· Utfordrande, spennande og varierte arbeidsoppgåver i ein bransje som er i stor endring
· Tverrfagleg, hektisk og godt arbeidsmiljø
· Grundig opplæring av dine kollegaer
· Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
· Fleksibel arbeidstid
· Lønn og andre vilkår etter avtale
· Svært gode pensjons- og personalforsikringsordningar
Søknad med CV, vitnemål og attestar sender du til post@bedriftshelse1.no.
Spørsmål om stillingane kan rettast til regionleiar Rannveig Ure, tlf.: 41 56 90 74 eller områdeleiar Sigrid Lerbak tlf: 90 05 36 02
Søknadsfrist: 10. november 2024
Bedriftshelse1 er ei offentleg godkjend bedriftshelseteneste som leverer førebyggande tenester innan helse, miljø og sikkerheit. Vi er eit tverrfagleg team på 54 medarbeidarar, med brei erfaring og eit godt renommé. Vi har god bransjekunnskap og legg vekt på fagleg oppdatering og utvikling. Med 11 bemanna kontor er Bedriftshelse1 den største lokalt forankra bedriftshelsetenesta på Vestlandet. Du finn meir informasjon på www.bedriftshelse1.no