Ledig stilling: Sjukepleiar 100% fast

Bedriftssjukepleiar 100% fast stilling i Norheimsund

Har du lyst til å vere med på ei spennande utvikling i vår bedrift! Vi søkjer etter ein sjukepleiar, gjerne med nokre års erfaring, og kunnskap og interesse for arbeid med førebygging av helseutfordringar grunna arbeidet/arbeidsmiljøet. Ser du etter jobb med fleksible arbeidsvilkår og likar kundekontakt og varierte utfordringar, send oss ein søknad. Stillinga vil i utgangspunktet vere knytt til kontora våre i Norheimsund og Odda med kontorstad Norheimsund.

Dine hovudoppgåver vil vere:

  • Helseundersøkingar og anna helsefagleg bistand

  • Psykososialt arbeidsmiljø

  • Leiarstøtte, kollegastøtte, sjukefråversarbeid og utviklingsarbeid

  • Kartlegging av arbeidsmiljø i bedrifter/arbeidsmiljøundersøkingar

  • Undervise på førstehjelpskurs og anna opplæring på individ- og gruppenivå

  • Delta i fagteam for bedriftssjukepleiarar

  • Yrkesvaksinasjonar

  • Oppfølging og kontaktansvar mot kundar

  • Individuell tilrettelegging og rådgjeving

  • Rådgjeving og bistand innan HMS/internkontroll

Kvalifikasjonar:

  • Offentleg godkjend sjukepleiar

  • Gjerne spesialisering innan psykisk helse (psykiatrisk sjukepleiar) eller med bakgrunn i rusførebyggande arbeid

  • Gode samarbeids– og kommunikasjonsevner, er systematisk og strukturert 

  • Van med å jobbe i team, vere engasjert, uredd og initiativrik

  • Fleksibel og sjølvstendig

  • Fint med erfaring frå bedriftshelseteneste eller anna relevant bakgrunn

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne, van med å bruke dataverktøy


Vi tilbyr ei spennande stilling med gode kollegaer, konkurransedyktig løn, fleksibel arbeidstid, helgefri og svært gode pensjons og personalforsikringar. Du kan vere med å påverke jobbkvardagen din. Vi har gode ordningar for kompetansepåfyll og personleg utvikling.

Vi har eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø. Gode kommunikasjonsevne blir vektlagt. Jobben vil medføre ein del reising, så du må ha førarkort for personbil.

­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­For spørsmål, kontakt regionleiar Rannveig Ure, tlf.: 41 56 90 74 eller områdeleiar i Norheimsund Hanne Osebakken Seljestad, tlf.: 47 47 45  43

Sjå også vår heimeside www.bedriftshelse1.no

 

Søknad med cv og referansar sendast til: post@bedriftshelse1.no

Søknadsfrist: 06. oktober 2024.


Bedriftshelse1
er ei offentleg godkjend bedriftshelseteneste som leverer førebyggande tenester innan helse, miljø og sikkerheit. Vi er eit tverrfagleg team på 54 medarbeidarar, med brei erfaring og eit godt renommé. Vi har god bransjekunnskap og legg vekt på fagleg oppdatering og utvikling. Med 11 bemanna kontor er Bedriftshelse1 den største lokalt forankra bedriftshelsetenesta på Vestlandet. Du finn meir informasjon på www.bedriftshelse1.no

Siri Hatlevoll Helle