Vel gjennomført HMS-dag og Arbeidsmiljødag
Kvifor inviterer vi til HMS-dag og Arbeidsmiljødag?
Jo, for å kunne bidra til inspirasjon for våre kundar og tilsette, og for å gi eit avbrekk i ein travel kvardag. Samstundes ønskjer vi å skapa ein sosial møteplass der verksemder kan møtast og prate saman.
I Voss arrangerte vi, som tradisjonen tilseier, HMS-dagen, der Arbeidstilsynet var representert ved Øyfrid Geiring og Ingri Litleskare, som snakka om korleis vi kan jobbe betre med det førebyggjande arbeidsmiljøet. Dei gav oss fleire nyttige innspel på dette. Eit godt arbeidsmiljø er ikkje berre ei leiaroppgåve, her har me alle ei plikt til å bidra. Jon G. Reichelt heldt innlegg om at me må slutte å tenkje at me ikkje er gode nok, og at det å vere heilt "middels" er normalt og noko me kan vere nøgde med.
Utruleg kjekt å høyre på dyktige forelesarar denne dagen, som veit å formidle bodskapet sitt på ein fantastisk god måte.
Den same tradisjonen ønskjer vi å få til i Sogndal. I år var det Jan Spurkeland som snakka om relasjonell kompetanse og betydninga av å forstå og sjå heile mennesket du jobbar saman med. Denne mannen sluttar ikkje å inspirere! Fleire kunne fortelje at dei hadde høyrt han ein eller fleire gonger før, men likevel lerte noko nytt denne dagen.
Vi har sjølve hatt nokre flotte dagar saman med våre kundar, og etter gode tilbakemeldingar ser det ut til at opplevinga har vore gjensidig positiv! Vi er alt i gang med planlegginga av neste års arrangement og ser fram til å presentere det vi har på programmet! Stay tuned!