Ledig stilling: Økonomimedarbeidar

Har du lyst til å vere med på laget vårt?

Bedriftshelse1 har ledige vikariat som økonomimedarbeidar i Sogndal

Bedriftshelse1 er ein lokal leverandør av førebyggande tenester innan helse, miljø og sikkerheit. Bedriftshelse1 er ei offentleg godkjent bedriftshelseteneste med avdelingar i heile Vestland fylke.  Bedriftshelse1 har 13 kontor med 56 tilsette. Hovudkontoret ligg i Sogndal. Du finn meir informasjon på våre nettsider www.bedriftshelse1.no

Ledig vikariat som Økonomimedarbeidar med moglegheit til forlenging

Bedriftshelse1 har ledig 100% vikariat som økonomimedarbeidar i eit år ved vårt hovudkontor i Sogndal. Du skal være ein del av administrasjonen og vi ynskjer ein medarbeidar med økonomibakgrunn/rekneskapsførar som vil ha varierte administrative arbeidsoppgåver. Du skal jobbe med rekneskap og økonomi, fakturering, internkontroll, kursporteføljen vår og utføre ulike andre administrative oppgåver. I første omgang er dette eit vikariat, men vi ser at vi på sikt har behov for meir ressursar i administrasjonen.

For stillinga gjeld:

  • Gode samarbeids– og kommunikasjonsevne

  • Gode datakunnskapar

  • Høg arbeidskapasitet og tole eit høgt tempo

  • Analytisk og løysingsorientert

  • Strukturert  og ha høgare danning

  • Evne til å jobbe i team, vere engasjert og initiativrik

  • Evne til å knyte gode relasjonar til kollega og vere med på å utvikle arbeidsmiljøet

  • Gode munnleg og skriftleg framstillingsevne

  • Fleksibel arbeidstid

Vi kan tilby:                                                                                                                                                        

  • Utfordrande, spennande og varierte arbeidsoppgåver i ein bransje som er i stor endring

  • Tverrfagleg, hektisk og godt arbeidsmiljø

  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling

  • Lønn og andre vilkår etter avtale

  • Kontorstad er Sogndal

Søknad med CV, vitnemål og attestar sender du til post@bedriftshelse1.no.

Spørsmål om stillingane kan rettast til administrerande direktør Randi Marie Sjøholt mobil: 952 35 874 eller økonomisjef Siri Hatlevoll Helle mobil: 901 94 770

Søknadsfrist: 03.mars 2025

Siri Hatlevoll Helle